Eigenpleie: Litt frisk luft og eit par rundar opp og ned på rundballen? All trening hjelper!

Er du av dei som tenkjer at når eg er bonde treng ikkje kroppen meir trening enn den eg får i arbeidet? At det går fint å arbeide heile dagen utan å ete? At det greier seg med fire – fem timar søvn per natt, og at pausar er oppskrytt?
 
 
Kolbjørn Taklo, NLR Vest

Alt var sjølvsagt mykje betre før. Då stod folk opp i gryotta, åt ein matbit, gjekk i fjøset, så frukost og litt prat, ut på gardsarbeid til 12.00, middag med litt kvile, ny arbeidsøkt til nons i fire, halv fem tida, nytt fjøsstell, så kveldsmat og kveld før ei god natt søvn.
Sjølvsagt var ikkje alt bra før. Det vart for mykje arbeid, og folk sleit seg altfor tidleg ut. Men dei hadde noko regelmessig over seg, som vi har misst ein del av i det moderne landbruket. Det er kanskje meir belastningsskadar no når vi har mindre fysisk arbeid. Det er truleg meir feilernæring no enn når vi hadde mindre mat. Og vi er kanskje meir slitne no enn når vi verkeleg hadde det fysisk tungt og travelt?

Her følgjer nokre tips:

Førebygging/trening

Hald deg i form gjennom året! Gå tur, på treningsstudio, eller treningskveldar i bygda. Turgåing er enkelt og effektivt. På med sko, ut døra, og du er i gang. Ein halv times gange med litt raskt tempo, litt tøying og styrking av buk og rygg etterpå, og du har det. Hugs at alt hjelper, bruk gjerne arbeid som trening, gå når du kan, gjerne litt energisk med armsving.

Variasjon og pausar

Ingen arbeidsstillingar er så «rette» eller gode at vi kan holde dei i timesvis utan at det blir belastning. Varier i traktoren, snu deg vekselvis mot høgre og venstre, ta pausar, gå av traktoren, rist laus og gå nokre rundar rundt, minst ein gong i timen. Prøv og å byte side når du nyttar handreiskap, det går med litt trening. Del opp arbeidet i økter om du kan.

Mat og kvile

Et regelmessig og ofte – då et du meir passelege mengder. Pass på å ha eit allsidig kosthald, unngå snøggmat på bensinstasjonar eller andre stader. Tips – ha gjerne ein boks med knekkebrød eller neter utan salt liggande i traktoren i lag med ei flaske vatn. Då er det lettare å stå over snøggmaten.
Søvn er heilt naudsynt for alle, og då helst sju til åtte timar om natta. Er du tidleg oppe og seint i seng, er det heilt lovleg å ta ein lur midt på dag og. Mangel på søvn gir høgt blodtrykk og blodsukker, redusert reaksjonsevne, og auka tal feilvurderingar. Arbeidsteknikk og tilrettelegging Arbeid så smart og lett som du kan. Pass på at kroppen er varm før du gjer tunge løft. Løft med strak rygg og hovudet fram, bruk dei store musklane i baken og låra. Må du løfte? Eller kan du bruke traktoren? Ha handreiskap så nær kroppen som du kan, bruk tyngdekrafta og øv inn gode rørsler. Prøv å få til tyngdeoverføring frå bein til bein framfor å vri ryggen. Har du gode arbeidskle. Ull er suverent mot dårleg rygg.

Bedriftshelsetenesta kan hjelpe deg med råd om kosthald og enkle trenings og tøyingsprogram. HMS rådgjevar kan hjelpe deg å sjå korleis arbeidet kan gjerast lettare. Ta gjerne kontakt med oss.

Her finn du og mange tips om mat og trening: bondevettjentene.no

Stikkord denne saka: