Underhaug 8000: Denne vogna er påmontert bakluke og skal vere særleg eigna til bruk i plansilo. Ekstra karmsett skal skruvast på før vogna blir sendt på utstilling.
Underhaug sine avlessarvognmodellar er tilbake med den originale oransje fargen og den velkjente logoen. Den oppgraderte 8000-vogna skal nå synast fram både på Lillestrøm og i Hannover.
Sjur Håland
Med Underhaug 8000 kastar eigaren av fabrikken på Nærbø, Herde Industrier, seg inn i kampen om marknadsdelar for grastransport- og avlessarvogner hjå bønder med tårn- eller plansiloar. I tillegg til den tradisjonelle grasrivaren og kastevalsen som er velkjent for grasdyrkarar med tårnsilo, kan Underhaug 8000 utstyrast med hydraulisk bakluke.
– Eit alternativ som rettar seg mot dei mange bøndene som brukar plansilo. Med denne vogna er det berre å køyre inn i plansiloen, opne bakluka og starte botnbeltet, seier marknadssjef i Herde Industrier, Henrik Underhaug.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.