HØYR!

Ute etter vestlandsskog

Meir natur gjev leveområde til fleire artar.

Nasjonalt mål er å verne ti prosent av skogen. Vestland har klart tre prosent til no, og det byrjar å haste.

Anne Rivenes, frilansjournalist

– Einaste måte å verne skogområde er gjennom frivillig vern. Det fine er at alt skjer i dialog med grunneigar, som er den som seier nei eller ja til vern, seier Magnus Johan Steinsvåg.

Han er seniorrådgjevar i miljøavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren har i oppdrag å verne ein representativ del av naturen, både kvardagsnatur og natur med spesielle kvalitetar. Statsforvaltaren kan også seie nei takk til område som vert tilbydd, dersom det ikkje har rette kvalitetane.

– Kva type skog ser de etter?

– Me er ute etter vestlandsskog. Ikkje sitkagran eller planta granfelt, men furuskog og lauvskog. Jo eldre, jo betre. Kvantitet er også ein kvalitet, så området bør samla sett vera over 500 dekar før vern. Meir natur gjev leveområde til fleire artar, seier Steinsvåg

– Bakteppet er at det går veldig dårleg med artsmangfaldet. Me er i ei global og nasjonal naturkrise, minst like alvorleg som klimakrisa. Det er den sjette store masseutryddingsperioden på planeten. Me veit at 60 prosent av alle artar i fastlands- Noreg lever i skogsmiljø, difor er det viktig å ta vare på verdifulle skogsområde, seier Steinsvåg.

– Kva skjer med skog som blir verna?

– Frivillig vern av skog gir arealet status som naturreservat. Skogen blir verna mot hogst, kraftliner og vegbygging, og skogen får utvikle seg naturleg. Grunneigar får ein skattefri eingongssum i erstatning, men beheld eigedomsrett, jaktog fiskerettar.

– I tidlegare tider var det myndigheitsstyrt vern. No, gjennom ordninga med frivillig skogvern, er det meir like partar og forhandling, og ein grunneigar kan seie nei til vern. Grunneigar vert gjerne representert ved AT Skog eller Norskog. Om me blir samde og grunneigaren har fått ein sum på bordet, etter takst på skogverdien, som han seier ja til, blir saka offentleg og sendt ut på høyring.

– Kva har grunneigar å tene på vern, i tillegg til å vera med på å sikre artsmangfald?

– I dei skogsområda der det er registrert viktige naturførekomstar er det ikkje lov å drive fritt fram med flatehogst. Der er det ein soleklar betre måte å få ut økonomiske skogsverdiar på, ved å tilby område for frivillig vern. Det er svært gode erstatningar ved frivillig vern. Når skogen er verna, går ikkje grunneigar inn med kostnader eller risiko slik tilfelle er ved vanleg skogsdrift. Grunneigarane er svært nøgde, og ynskje om frivillig vern har vist seg å ha smitteeffekt mellom naboar.  

Stikkord denne saka: ,