BN+

Lovar endring: Tor Jacob Solberg hausta ståande applaus då han entra talarstolen for første gong som leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. No skal han stå på for å endra jordbrukspolitikken, lovar han.
Foto: Nora May Engeseth/Norsk Bonde- og Småbrukarlag


– Eg har ein draum om å vere med og endre norsk matpolitikk, og dette vervet gjer det mogleg å vere med og påverke, seier Tor Jacob Solberg, ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.


Jane Brit Sande


Tor Jacob Solberg er bonde på Skiptvet i Viken, og driv med økologisk produksjon av mjølk, kjøt og korn. Dei aller fleste, om ikkje alle bønder, visste godt kven han var før han entra talarstolen, for første gong som leiar – til ståande applaus frå Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS). I 2014 vart han Årets unge bonde, og i 2021 var han med og tok initiativ til Bondeopprøret.


– Du trekte deg frå Bondeopprøret då du vart lansert som leiarkandidat i NBS. Kvifor?


– Eg ønskte å senda eit tydeleg signal om at eg skal gjennomføra NBS sin politikk. Det er NBS som er oppdraget no, og derfor var det heilt naturleg at eg tredde til sides frå Bondeopprøret, seier Solberg til Bondevennen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.