Noregstoppen: Lars Sønstevoldhaugen vann NM-tittelen i saueklypping 2025. Åsmund Kringeland kom på andreplass, Anthony Vassbø på tredje, og Sindre Myhrsveen på fjerde.
Verdas beste NM!
Arbeidstittelen til Bokn Sau og Geit var «Verdas beste NM».
– Og det meiner iallfall me at det vart, seier komitéleiar Emilie Moi Eikje.
Bothild Å. Nordsletten
Regnet høljar ned – og bygda kokar. Velkomen til NM i saueklypping og ullhandtering på øya Bokn, nordvest av Stavanger, laurdag 20.september.
– De’r kunstere med saksa dere ser her i dag, ljomar Bjørnar Bakken gjennom mikrofonen.
Han er gudbrandsdøl og kommenterer saueklypping live på 25. året. Saman med makker Stein Timo Søren held han trøkket’ og fortel publikum om kva og kven dei ser i aksjon oppe på scena. Ikkje før finalen blir stemma litt hås.
Lyden av NM: Bjørnar Bakken (bak) og Stein Timo Søren veit å halda publikum i ånde.
– Han har sagt han skal pensjonera seg sikkert dei siste fem åra, seier ei i publikum, utan å tru på at han kjem til å gjera alvor av det.
Heiagjeng: Linnea Sofie Pedersen (10), har laga eigen plakat for å heia på stefar Åsmund Kringeland. På den står det: «Heia Åsmund! Du kan klare det!» Kringeland kom på andreplass i NM-finalen i klypping.
Trøkk i teltet
Utanfor, på bryggeplassen er det, trass veret, fullt av bodar med mat og handverk. Handelen går livleg medan ei mengd ungar er i sving med diverse aktivitetar organisert av lokale lag. Til kais ligg MS Sandnes og fungerer som både hotell og restaurant.
God gang: Høgt lydnivå og høg stemning i NM-teltet.
Å bevega seg frå havlufta og inn i NM-teltet gir eit lite sjokk. Varmt og tett her inne! Dampen frå regnjakkar, sveitte saueklypparar, og ikkje minst sau, krev nokre sekunds tilvenning. Det må vera minst 300 folk benka ved- og ståande mellom langborda: Bygdefolk, besøkande og sauefolk frå nær og så fjernt vekke som Falklandsøyane. Mellom konkurransane pumpar musikken på full guffe og folk lør på med lapskaus og etter kvart øl.
Anten sauefolka skal konkurrera, eller er her berre for å sjå, så lyser det av kroppsspråket og andleta deira: Dette er deira dag. Dei storkosar seg. Dei er på heimebane, med kvarande, i sitt rette element.
Stor-dugnad
– Det er travelt, men bra, seier ein konsentrert Vilhelm Våge.
Han er ein av dei berre 35 bøndene i Bok Sau og Geit som har tatt på seg kjempeoppgåva det er å stella i stand eit heilt NM. Våge har tatt oppstilling bak scena. Her, blant små sauegardar med dyr som snart skal ut gjennom sceneluka for å klyppast, held han oversynet med eit koppel av frivillige bygdekarar som hjelper til med dyreflyten. Scena den vegen. Slaktebilen motsett veg.
Bygda bidreg: For at alt skal gå glatt på NM-scena, stilte fleire titals folk opp på dugnad for å handtera både dyreflyt og ulla etter dei.
Go’!
Og så er dei i gang. Det går slag i slag: Finale junior. Dundrande popmusikk. Finale mellom og senior. Meir rock. Finale damer. Open internasjonal klypp. Og sjølvsagt, NM-finalane i ullhandtering og klypp. For berre å nemne nokre av konkurransane.
Sjølv utrente auge blant publikum kan sjå skilnaden på arbeidsfarten mellom junior-klypparane og senior’ane, men nivået er jamt over svært høgt. I toppen er det berre marginar som skil palleplasseringa.
Her er fart, nøyaktigheit, lange, jamne drag med saksa – og jamt klypte dyr. For ikkje å snakka om hand- og fotarbeidet. Koreografien minner om ein slags ballett – ein matnyttig ballett.
Etter den rause stemninga å døme er alle vinnarar denne dagen. Likevel er det Lars Sønstevoldhaugen som stikk av med tittelen som noregsmeister i saueklypping. Gerhard Håkull vert beste ullhandterar.
Sjå alle resultata frå dei ulike finalane her:
Resultater 2025 – Norsk Sau og Geit
Beste klyppar: Lars Sønstevoldhaugen
Skarp sortering: Amy Jean Krogstad McNeil kom på andreplass i NM i ullhandtering. Gerhard Håkull på førsteplass.
Lovord i fleng
– Dette er tidenes NM! Berre sjå på korleis dei har fått det til her!
Guttorm Gudmestad, røynd sauemann og ein av to hovuddommarar, er mektig imponer over kva den lokale gjengen med Sau og Geit-folk har fått til.
Også dei internasjonale deltakarane er fulle av lovord.
– They’ve done an amazing job, seier ei småsveitt Una Cameron.
Den skotske kvinna tok verdsrekord i saueklypping i fjor, då ho klypte 517 søyer på ni timar.
– Dette vil bli snakka om i heile saueklypparmiljøet framover!
Amazing! Skottane og verdsmeistrane i sau, Una Cameron og George Bayne er mektig imponerte over kva nordmennene har stelt i stand.
Cameron har tatt turen til Bokn i lag med kollega George Bayne, berre fordi dei hadde lyst. Bayne vart verdsmeister i 1996. Sidan dess har nevane hans tilsynelatande frose i eit evig grep om saks og sau. Denne NM-helga er han dommar. Også han vil skryta.
– Dei har gjort ein eineståande innsats her. Berre det å samla så mange folk til å hjelpa til bak scena! Dette er heilt på nivå med alt anna i klypparmiljøet internasjonalt, seier han.
Alt klaffa
Og NM-ansvarleg sjølv, komitéleiar i Bokn Sau og Geit – er ho nøgd?
– Det gjekk veldig bra, seier Emilie Moi Eikje, dagen derpå.
– Utruleg kjekke dagar. Me hadde arbeidstittelen «Verdas beste NM, og det meiner iallfall me at det vart. Laget vårt har funka bra. Alt klaffa.
Emilie fortel at bygdafolk utan erfaring med saueklypping kom opp til henne under dansen på laurdagskveld og stilte ei mengd interesserte spørmål.
– Tenk, folk som ikkje har vore borti dette før sat og heia på sine favorittar under konkurransen!
«Ingenting er umogleg
med dette teamet vårt.»
Emilie Moi Eikje, komiteleiar i Bokn Sau og Geit.
– Og kva nå, etter dette store løftet?
– Sei det. Me må iallfall planlegga eit eige familieselskap berre for Bokn Sau og Geit. Så skal me sjå over økonomien etter det heile. Elles trur eg ikkje me skal ha dei store vyene for det neste halve året. Når det er sagt så blir ein jo litt tent på nye ting nå. Ingenting er umogleg med dette teamet vårt.
Gjekk du glipp av NM i saueklypping og ullhandtering i år? Neste år blir det NM i Bjerkreim.
Emilie Moi Eikje
Litt om BOKN
- Totalt er det 123 små øyar i Bokn, og det bur folk på tre av dei; Austre og Vestre Bokn og Ognøy.
- Folketalet har akkurat bikka 900 innbyggarar – og er per i dag 906.
- Bokn Sau og Geit har 35 medlemmar.
- 40 bønder som søker produksjonstilskot. Dei aller fleste har sau, i tillegg til mjølk eller ammekyr.
- Næringslivet på øya er dominert av jordbruk og fiske/oppdrett, og oljeindustri.
Les òg artikkelen:
