
Finna og berga: Tor Jacobsen etterlyser praktiske løysingar slik at han og kollegaane kan finna og bera vekk rådyrkalvar som ligg gøymt i graset før førsteslåtten. Denne enga er nyleg slått for andre gong i år.
Tor Jacobsen etterlyser samarbeid og praktiske ordningar der han og kollegane kan leite opp rådyrkalvane med drone og varmesøkjande kamera for å berga dei før slåtten. Lund kommune vil bidra.
Sjur Håland
Reint teknisk er det inga sak. Start opp ei drone med varmesøkjande kamera. Sveip over enga og registrer rådyrkalvane som ligg gøymt i graset. Deretter er det berre å ta turen gjennom enga og jaga/bera vekk kalvane. Når det er gjort, kan du slå graset. Utan å måtta sitja i traktorsetet med hjarta i halsen.
– Utfordringa for oss bønder blir å få dette til i praksis, seier Tor Jacobsen, bonde på Ualand i Lund.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






