For tidleg, for seint: – Slik det er no, er det for tidleg å snakka om jordvern, heilt til det er for seint, seier Geir Pollestad (Sp). Han vil kartleggja jord som står i fare for å bli bygd ned. Illustrasjonen eit utsnitt av planforslaget for utbygginga på Kvernaland i Time kommune, og er henta frå høyringsforslaget.

– På landsbasis kan det vere snakk om ti tusenvis av dekar, seier Geir Pollestad.

Jane Brit Sande

– I eit kommunestyre er «alle» opptekne av jordvern, heilt til noko anna freistar meir, seier Geir Pollestad (SP) til Bondevennen.

No vil stortingsrepresentanten og leiaren av næringskomiteen ha ei kartlegging av jord som står i fare for å bli nedbygd, men kor planane ikkje nødvendigvis er juridisk bindande. Det kan i så fall bety at kommunepolitikarane eigentleg står fritt til å ta jorda tilbake til vidare matproduksjon.

– Poenget med kartleggingsarbeidet er å på eit tidlegare tidspunkt fanga opp matjord som er i ferd med å gå tapt. Me vil også unngå at lokalpolitikarar kjem i skvis, og føler at dei «må» seie ja når reguleringsplanen er på agendaen, seier Pollestad.

Styrkar jordvernet

I sitt alternative statsbudsjett vil Senterpartiet bruka éin million kroner på ei nasjonal kartlegging av omregulerte jordressursar. Målet er å styrka jordvernet og matberedskapen.

Geir Pollestad
Foto: Stortinget

– Slik reglane for innrapportering er no, skal kommunane melda inn areal som er ferdig omdisponert, og ikkje skal regulerast ytterlegare. Det betyr at prosessen er kome så langt at reguleringsplanen er godkjend når arealet først blir rapportert, seier Pollestad.

Pollestad, som også er kommunestyrerepresentant for Sp i Time på Jæren, nemner planane for arealkrevjande datalagringssenter på Kalberg i heimkommunen, samt bussvegen i Stavanger, som døme på område som ikkje er meldt inn til dei offisielle statistikkane.

Gråsone

Pollestad og SP vil ha oversikt over kor mykje areal som er skrive inn i kommune

– eller områdeplanar, men som ikkje er vedteke i ein reguleringsplan.

– Dette er ei gråsone. At eit område ligg inne i kommune – eller områdeplanar betyr at det ikkje har gått så langt at utbyggar har juridiske rettar. Men planane blir gjerne oppfatta som politisk bindande, og utbyggar held seg til det, seier Pollestad.

Likevel er det først når ein reguleringsplan er vedteke, at den også er juridisk bindande overfor utbyggjar. SP fryktar at mykje areal står i faresona for å bli omdisponert, utan at nokon har oversikt.

– På landsbasis kan det vere snakk om ti tusenvis av dekar med matjord. Ofte er det snakk om matjord i nærleiken av byar og tettstader, seier Pollestad.

For tidleg jordvern?

Pollestad vil også endra politikarane si oppfatning av når det er for seint å snakka om jordvern i reguleringssaker. Han ønsker at det skal vere mogleg å ta jordvernomsyn også når ei sak har kome langt.

– Slik det er no, er det for tidleg å snakka om jordvern, heilt til det er for seint, seier han.

Sortere informasjon

Sp-representanten meiner at kartlegginga ikkje vil vere omfattande og at det er realistisk å få den til sjølv om statsbudsjettet alt er vedtatt.

– Det vil vere mogleg å få gjort mykje i løpet av året. Det handlar om å henta inn og systematisera informasjon som allereie er der, seier han.

Pollestad trur ikkje dei vil få med fleirtalet på dette når dei no behandlar budsjettet.

– Til våren er det Senterpartiet sitt mål at me skal tvinge fram eit nytt jordvernmål og ei oppgradering av jordvernstrategien. Der passer dette forslaget inn som hand i hanske. Og sjølv ikkje dei som sit i regjering kan vera redde for kunnskap, seier Pollestad.

Ny jordvernstrategi

Landbruks-og matminister Olaug Bollestad (KrF) skreiv på FNs internasjonale jorddag 5.desember ein kronikk i Nationen, der ho varsla endring av noverande jordvernstrategi:

I regjeringens jordvernstrategi fra 2015 er det et mål om å redusere den årlige nedbyggingen av dyrka jord til under 4 000 dekar per år. Nå har vi hatt tre år på rad hvor vi har nådd målet og bygget ned mindre enn 4 000 dekar. (…) Jeg mener at vi bør vurdere å sette målet for maksimal nedbygging enda lavere. Den vurderingen skal vi gjøre til neste år, sammen med en ny oppdatering av jordvernstrategien.  

Stikkord denne saka: