Grønt og blått: Landbruks- og matminister Bård Hoksrud (FrP) i grønt gras på Jæren.
Bård Hoksrud fekk gjødselvareføreskrifta og pelsdyrsaka rett i fanget over natta. Den nye Landbruks- og matministeren vil ha tollvern og landbruk i heile landet, og lovar å lytta og læra.
Sjur Håland
Han er den tredje statsråden på rad frå Framstegspartiet med ansvar for landbruk og mat. Førre veke var han i Rogaland.
– Nå prioriterer eg mykje tid på å reise rundt og bli kjent med folk sine kvardagsutfordringar. Eg vil lytta og ta med meg signala eg får inn i mitt arbeid.
Jordvern
På spørsmål om jordvern og utbyggingspress, held Hoksrud fram den eksisterande nasjonale jordvernstrategien.
– Eg er oppteken av å følgja opp det som stortinget har bestemt, maks 4.000 dekar omdisponering av dyrka jord per år innan 2020. I fjor enda talet på 4025 dekar, me er på rett veg, og eg registrerer med glede at det føregår ein del nydyrking.
Pelsdyr
Pelsdyrnæringa sitt endelikt kan vera nært føreståande. Då Venstre vart ein del av regjeringskonstellasjonen, vart nedlegging av norsk pelsdyrhald ein del av avtalen mellom regjeringspartia.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.