Frank Tunheim

Frank Tunheim

HØYR:

Vil møta KI med sunt bondevett

23. november 2025 | Aktuelt, Høyr

Ennå meir teknologi og fleire tenester? «Få heim», seier enkelte. – Stopp ein halv, seier Frank Tunheim.

 Sjur Håland

Agrovisjon 2025 er historie. Snopelystne bønder er tilbake til kvardagen i fjøs og stall, med nok av tid til å vurdere behovet for det siste nye av kul teknologi og ulike rådgivingstenester.

Tunheim er bonde på Ekra i Klepp og leiar i Klepp Bondelag. Han meiner det kan vera lurt å vera kritisk, og vurdera kva ein verkeleg har behov for.

– Eg har ei kjensle av at tilbodet og mangfaldet byrjar å bli noko overdrive i forhold til verksemdene me bønder driv. Så store er me trass alt ikkje, og det me driv med skal svara seg økonomisk, seier han.

Nå kan til dømes kamerateknologi måla tilvekst på dyra i ein binge.

– Eg har ikkje noko imot teknologien og moglegheitene. Men slikt kan fort kosta mykje meir enn det smakar.

Tunheim vil ikkje stikka kjeppar i hjula hjå dei som gler seg over data, KI, sensorar og robotar. Men han meiner det er lett å hiva seg med utan å tenke på at slik teknologi kan ha ei kostnadsside som ein kanskje ikkje tenkjer over idet handelen blir gjort.

– Kostnadane aukar stadig, det har me bønder kjent på kroppen og sett på kontoen ei tid. Sjølv har eg blitt mykje meir nøye på å vurdera kva eg treng. Elles kan det fort bli for mykje av det gode.

«Det er grenser for kva me treng av sensorar og kunstig intelligens.»

Frank Tunheim

Bøndene er alt langt framme når det gjeld å ta i bruk ny teknologi, fastslår han.

– Utviklinga skjer rasande fort. Det er grenser for kva me treng av sensorar og kunstig intelligens. Kritisk sans og sunn skepsis er ein god ting i møte med alt det nye. Kjensla av at halvferdig teknologi blir presentert for landbruket, har ikkje blitt mindre med åra.

Bonden meiner faren er stor for at det blir skapt behov som bøndene eigentleg ikkje treng, og som genererer stadig fleire unødvendige utgifter.

– Det kan vera oppdateringar, auka abonnementskostnadar eller dataprogram som går ut på dato etter få år og må skiftast ut for å fungera.

Rettleiingstenestene er oftast nyttige, men også her kan det bli for mykje av det gode, ifølgje Tunheim.

– Tenester frå ulike tilbydarar kan overlappa kvarandre – og kosta meir enn du treng å betala.

Tunheim trur det kan vera mykje å henta på å ta ein gjennomgang og sjå kva du betalar for og vurdera om du har bruk for alt.

– Og så må me vera litt skeptiske og tenkja at rådgiving også betyr auka kostnadar – når det er noko me eigentleg ikkje har bruk for. 

DEI SISTE ARTIKLANE FRÅ HØYR:

– Brot med klimaavtalen

– Brot med klimaavtalen

Regjeringa føreslår klimaavgift på mineralgjødsel. – Eit avtalebrot, nå går lufta ut or klimaarbeidet, seier Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag.

– Gir oss ikkje før me er i mål

– Gir oss ikkje før me er i mål

NLR treng fleire rådgivarar på Jæren. – Rekrutteringa er alt anna enn lett for tida, seier regionsjef i NLR Sør, Gisle Tungland.