
Energitak: Aksel Kverneland frå Kverneland Energi t.v. saman med bonde Magnar Fjeldheim og Andreas Lundegård frå Tveit Rekneskap. Det 550 kvadratmeter store solcelletaket på Fjeldheim sitt maskinhus produserte 60 kilowatt då biletet vart teke. Forbruket var på same tidspunktet 20 kilowatt, medan 40 kilowatt vart levert til energiselskapet.
Framtida er elektrisk og svineproduksjonen grøn, meiner Vindafjord-bonden Magnar Fjeldheim. Frå maskinhustaket hentar han 85.000 kilowattimar i året.
Sjur Håland
Svinebonden har installert solcellene på sørsida av maskinhustaket og skal til å bygga nytt flisfyringsanlegg for å styrka energitilførslene frå garden ytterlegare. Kombinasjonen sol/flis var ein føresetnad for å få tilskot gjennom Innovasjon Norge.
Som eit lyn
Maskinhuset er plassert eit par hundre meter frå tunet. Prisoverslaget på materiell og arbeid for å føra fram straum til maskinhuset frå det ordinære nettet låg på 150.000 kroner. Det vart brått meir aktuelt å heller hente straumen frå taket.
– Ideen kom som lyn frå klår himmel. Medan maskinhuset var under bygging, var eg på ei juleavslutning i bondelaget og høyrde eit foredrag om solenergi.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






