Familien Edland tok i mot landbruksministeren med glede. (F.v.) Steinar Edland, Sylvi Listhaug, Olav Edland og Lillian Edland.

Familien Edland tok i mot landbruksministeren med glede. (F.v.) Steinar Edland, Sylvi Listhaug, Olav Edland og Lillian Edland.

Kyrne i familien Edland sitt fjøs skal produsere 900.000 liter mjølk det komande året. – Dette er ikkje ein fabrikk, understreka familien.

 

Jofrid Åsland

 

Garden ligg i Gjesdal, og er arbeidsplassen til fire familiemedlemmer og to heiltidstilsette.

– Me ville gjerne ha besøk av ministeren, for å vise at dette ikkje er ein fabrikk. Dette er eit romsleg familiebruk, sa Olav Edland.

Med fleire pressefolk på slep fortalde han Sylvi Listhaug om kvardagen i fjøset. I det romslege lausdriftfjøset er det 100 mjølkekyr og 180 kalvingar i året.

– Det er veldig kjekt å få komme. Eg meiner pilene peiker oppover for norsk landbruk, sa Listhaug.

Ministeren sa at garden i Gjesdal var eit godt døme på store produsentar, men understreka at det finst mange døme på flinke produsentar i mindre skala.

 

Olav Edland fortalde landbruksministeren at han gjerne vil ha endå større mjølkekvotar i Noreg.

Olav Edland fortalde landbruksministeren at han gjerne vil ha endå større mjølkekvotar i Noreg.

Vil bli større

– Håper du har fått eit inntrykk av kvardagen. Her har både me og dyra det godt, sa Olav Edland.

Familien Edland har stadig utvikla drifta, og blitt større. Håpet er at utviklinga vil halde fram. Ved sida av gardsdrifta driv familien entreprenørfirmaet Edland Maskin AS.

– Me vil gjerne sjå utviklinga gå vidare. Slik at me kan drive endå meir gard, og mindre graving, understreka Olav Edland.

– Det ville vore dumt om utviklinga stoppa no, la sonen, Steinar Edland, til.

 

Les meir om familien Edland og gardsdrifta i Bondevennen nummer 6.

Stikkord denne saka: