Ku-fluenser: Christian Manser er kompromisslaus i sine råd om fjøsplanlegging. Det er kua sine behov som bestemmer korleis fjøset skal sjå ut. Foto: Privat.

Ku-fluenser: Christian Manser er kompromisslaus i sine råd om fjøsplanlegging. Det er kua sine behov som bestemmer korleis fjøset skal sjå ut. Foto: Privat.

Webinar – Tenk nytt om lausdriftsfjøs

7. mars 2025 | Aktuelt

Går du med byggeplanar, eller har du allereie skisser på blokka? Det er mange ting å ta omsyn til, og mange meiner mykje om korleis du bør bygge. Men det er du og dyra dine som skal jobbe i dette fjøset dei neste tiåra. Bruker du pengane rett? 

Liv Kristin Sola

Samstundes som at utmålingsprosenten hjå Innovasjon Norge (IN) aukar, aukar også gjennomsnittleg kostnad på byggeprosjekta. Frå 8 millionar kroner i 2023 til 10,5 millionar kroner i 2024. Signala i år er at kostnaden aukar endå eit hakk. 

Har fjøsa blitt for kostbare? Brukar me pengane på dei rette tinga? Tør me utfordre etablert praksis, stole på eigen kunnskap, eller bygger me likt som naboen? 

Dette er spørsmål som vil bli diskutert når Statsforvaltaren i Rogaland inviterer til webinar.

Den som bringer nye tankar inn i norske fjøs, via webinaret, er sveitsaren Christian Manser, som er ein kjent person i bransjen i heile Europa. I tillegg vil Timpelen Ku vil sei litt om korleis dei tenkte og planla då dei bygde fjøs, basert på KuSignal-tankegangen. 

Webinar: Tenk nytt om lausdriftsfjøset

12. mars frå 10.00-12.00
Les meir og meld deg på hjå Statsforvaltaren i Rogaland.
Eller send ein e-post til: anders.boen.gravdal@statsforvalteren.no innan 10. mars.

«Det er alltid best å rette feil på papiret,
før fjøset er bygd.»

Christian Manser

Kompromisslaus planleggar

Christian Manser vaks opp på eit mjølkebruk, er landbruksutdanna, og har dei siste 27 åra jobba som lærar og rådgivar for mjølkebønder i St. Gallen. Han gir råd til planlegging av nye fjøs, men har òg tankar om korleis optimalisere eksisterande bygg, nye og gamle, med tanke på dyrevelferd. Manser utfordrar bonden på utradisjonelle løysingar, fordi han har sett at det fungerer.

Etter 15 år med KuSignal, har rådgivaren erfart kor stort produksjons- og velferdspotensiale som ligg i fjøs som er planlagt på dyra sine premissar.

– Det er alltid best å rette feil på papiret, før fjøset er bygd, seier han.

Storferådgivar i Nortura, Bengt Egil Elve, har vore KuSignal-rådgivar i snart 25 år, og har kjent Manser i fleire år.

– Eg kjenner han som ein kompromisslaus, ærleg og tydeleg rådgivar innan bygg og drift. Alltid med utgangspunkt i KuSignal og dyra sitt beste, seier Elve til Bondevennen.

At Manser er tilsett i det offentlege, utan bindingar eller kundeforhold til meieri, slakteri, betong eller imek-leverandørar, gjer at han kan tillate seg å vere så tydeleg. Elve erkjenner at det er meir krevjande for rådgivarar som har eit kundeforhold å ta omsyn til.

Timpelen

Timpelen Ku: Kyrne hjå Timpelen Ku får dekka behovet for frisk luft, mykje lys, og ein mjuk liggeplass, tre av seks punkt i KuSignal-diamanten. Arkivfoto Bondevennen.

Bygde fjøset etter KuSignal-prinsipp

Då Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen skulle bygge fjøs, reiste dei på studietur mellom anna til Irland, Danmark og Nederland.

Fjøset teikna dei i samarbeid med VetVice i Nederland, veterinærane som starta KuSignal. Kyrne hjå Timpelen Ku har sand i liggebåsane, gummi på gangarealet, éin eteplass per ku, godt med luft og lys, god plass rundt robot og i gangareal, og tilgang til utebinge for sinkyr, heile året når vêret tillèt det.

Fokus er ikkje å spare, men å tene pengar. Ikkje gå på kompromiss med dyra sine behov, men ha eit fjøs og ei drift som førebygg sjukdom. For éi sjuk ku tek meir tid og ressursar enn dei 40 som er friske.

Timpelen Ku vann Tine sin Dyrevelferdspris i 2023, og har hatt sju kyr som har nådd 100 tonn i livstidsproduksjon.

Studietur til Sveits?

Manser arrangerer med jamne mellomrom kurs heime i Sveits for bønder, fjøsplanleggarar og rådgivarar. Eit intensivt kurs, med teori og fleire gardsbesøk i området rundt St.Gallen. Her har han deltakarar frå heile Europa.

 

Kjelde: Statsforvaltaren i Rogaland.

Sanninga skal gjere vondt

I 2019 var Manser på besøk i Noreg, på Storfe 2019.
No er han tilbake, denne gong digitalt hjå Statsforvaltaren i Rogaland
12. mars kl 10-12.

Les også:
Sanninga skal gjere vondt

Kusignal

I kvar utgåve av Bondevennen skriv danske Susanne Pejstrup og Stiene IJdema om KuSignal.

Les artiklane her.