Kompromisslaus rådgivar: Christian Manser vaks opp i St. Gallen i Sveits, på eit mjølkebruk med femten kyr. Han har fem års utdanning i husdyrproduksjon og har dei siste 22 åra vore lærare og rådgivar, tilsett og løna av den sveitsiske stat. 

Christian Manser har blitt populær ved å gi upopulære råd til mjølkebønder. – Gode råd skal gjere litt vondt, seier den frittalande sveitsaren.

Liv Kristin Sola

Bodskapen kan neppe seiast klarare enn det Christian Manser gjorde under Storfe 2019. Manser har tjue års erfaring som rådgivar heime i Sveits.

– Dei ti første åra var eg snill. Så fann eg ut at eg måtte vere ærleg, seier Manser.

Det var etter at han vart introdusert for KuSignal.

– Då såg eg kor blind eg hadde vore. Eg hadde to val. Gløyme heile greia, eller ta KuSignal på alvor, seier Manser.

Han gjorde det siste, og endra heilt stil.

– Bøndene kan ikkje betale for at eg skal vere snill. Gjer det ikkje litt vondt etter at du har hatt besøk av rådgivar, då er det bortkasta tid og pengar – for begge, seier Manser.

Ikkje snilt å vere snill

Dei to første åra med KuSignal var utfordrande for rådgivaren. Få ville høyre og enda færre ville følgje Manser sine råd – som for mange innebar store endringar. Rådgivaren var ikkje spesielt godt likt, korkje blant bønder eller seljarar. Men han stod på sitt, fekk med seg nokre få bønder, og fekk etter kvart løn for tolmod. Bøndene melde om dobbelt inntening; høgare yting og lågare veterinærkostnadar.

– Det er ikkje om å gjere å finne flest mogleg feil å slenge i fanget på bonden. Strategien er å sjå fjøset gjennom auga til dyra og få bonden på gli ved å stille spørsmål og diskutere forslag til forbetring, seier Manser.

Det kan ta litt tid, men rådgivaren fortel om mange tilfelle der bonden har tenkt seg om, ein dag, ei veke, ein månad – så kjem det bilete av innreiing som er fjerna, vindauge som er ute eller heile veggar som er slått ut. For endringar skal smerte litt, ikkje minst å innrømme at det du trudde var bra, slett ikkje duger.

 

Nok frisk luft: Har du Manser som rådgivar kan det skje dramatiske endringar på kort tid – til det betre, skal me tru rådgivaren sjølv. 

Opne fjøset: Slik vil eg helst sjå mur og betong – langt vekk frå fjøset, seier Manser.

Kyr trivst ved låge temperaturar:  – Mange bønder vil helst jobbe i t-skjorte. Men folkens, det er ikkje bonden som gjer den tyngste jobben i fjøset, seier Manser. 

Stål og betong

– Me har for mykje stål og betong i fjøsa våre. Kvifor? Fordi me har gode seljarar. Men ingen av dei sel luft, lys og vatn, seier Manser.

Han går langt i å gi seljarane «skulda» for dårlege fjøs.

– Dei skal tene pengar på utstyr og kraftfôr og er lite glad i rimelege løysingar som ikkje gir inntening. Slik blir fjøsa like og dårlege, og andre rådgivarar vil ikkje vere kritiske til det bonden har brukt mykje pengar på, seier Manser.

Sjølv vil han ikkje sjå betongveggar høgare enn 30 centimeter, korkje i veggane eller inne i fjøset. Dyra treng plass og overblikk, også kalvane.

– Vegg, vegg, vegg. Dei gir ingen meining å stenge dyra inne, det kostar pengar, gjer dyra nervøse og skapar utfordringar. Må du ha veggar i fjøset, bygg dei i tre – då er dei enklare å fjerne, kommenterer Manser. 

Fjøset bestemmer tal på laktasjonar

Han skryt av norsk husdyrhald og helsa til norske kyr, men understrekar at i Nederland produserer kyrne i snitt i 3,5 laktasjonar. På dei beste bruka får kyrne i snitt fem laktasjonar. I Norge er tilsvarande tal 2,7, på tross av at norske kyr er blant dei friskaste i verda. Faktum er at kua er på topp i laktasjon seks og sju.

– For mykje betong, dårlege liggebåsar og for lite luft og lys reduserer kyrne si levetid. Det gir lite meining å finjustere fôrrasjonen og supplerer med dyre fôrmidlar så lenge fjøset og liggebåsen ikkje fungerer, hevdar rådgivaren.

Kyr treng mjuke liggebåsar, ein eteplass og frisk luft – helst kald.

– Mange bønder vil helst jobbe i t-skjorte, men folkens, det er ikkje bonden som gjer den tyngste jobben i fjøset, seier rådgivaren.

Han meiner det er to typar innreiing; nyttig og ubrukeleg, og viser til at slakteria rapporterer om mange kyr med brotne ribbein.

– Årsaka er dårleg utforma liggebåsar. Dei som har prøvd det veit kor smertefullt det er å leve med brotne ribbein. Desse kyrne slåss ikkje om ein plass ved eit overfylt fôrbrett, seier Manser

Mjuk seng: Ei ku skal kvile og tygge drøv helst 14 timar i døgnet. Skal du få det til må liggebåsen vere romsleg og mjuk – aller helst med sand. – Kua vil takke deg med høgare yting og fleire laktasjonar, seier Manser. Legg merke til at kyrne på biletet ligg annan kvar bås – eit signal på at det er for liten plass mellom båsane. 

God dyrevelferd i båsfjøs

Sveits har mange små fjøs og mange båsfjøs. Dei har ikkje krav om avvikling, men har strenge krav til dyrevelferd. For Manser er det sjølvsagt at det skal vere krav til kalvings- og sjukebinge og til lufting heile året.

– Kva vil du seie til bønder som slit med desse krava?

– Mi erfaring er at kyr kan ha betre helse og velferd i gode båsfjøs enn i mange lausdrifter. Fordelen er at kvar ku har ein eteplass, og treng ikkje slåss om liggebåsane eller frykte for å bli jaga eller hindra av dominante kyr. Men eit båsfjøs er berre godt nok der kyrne har ei mjuk seng og open front slik at dei kan reise seg og legge seg utan hindring. I tillegg må dei ha nok lys, luft og vatn.

Heime i Sveits har Manser vore med og bygd om liggebåsar og frontar i fleire hundre båsfjøs. Noko han meiner er framtidsretta.

– Å forby båsfjøs løyser ingenting. Det er bonden som er avgjerande for god dyrevelferd. Det har det alltid vore og slik vil det bli til evig tid, seier Manser.

Enkelt og rimeleg: Fronten er fjerna og erstatta av ein kjetting fastmontert på stolpane og ei reim som vert festa til halsreima til kyrne. 

Meir kviletid gir meir mjølk: Mjuk seng og opne front gir auka velferd og meir rom når kua skal reise og legge seg. 

Bonden er avgjerande for dyrevelferd: Manser har vore med å bygd om fleire hundre båsfjøs til mjuke båsar med opne frontar. – Å forby båsfjøs løyser ingenting. Det er bonden som er avgjerande for god dyrevelferd, seier han. 

 Treng gode døme

I dag er Manser kjend for sine tydelege meldingar og kompromisslause stil. Rådgivaren stiller gjerne ultimatum for vidare samarbeid og opplever at bøndene ønsker å bli utfordra. Han fortel om bønder som går laus på innreiing og ytterveggar for å betre dyrevelferden.

– Eg gler meg til å sjå den første norske bonden som slår ut betongveggane i fjøset.

– Ja, men eg er redd det blir lenge til. Og eg trur rådgivarane her er for snille, seier Manser.

Norske bønder kan bli betre på dyrevelferd, men det krev ærlege rådgivarar som ikkje har bindingar til bedrifter eller organisasjonar, hevdar Manser. Han veit kva han snakkar om. Først då han endra stil begynte ting å skje.

– Er du løna av eit selskap eller ein organisasjon risikerer du å miste kundar om du er tydeleg. Eg har ingenting å selje, bortsett frå kunnskap og erfaring frå andre bønder. Eg besøker fjøs som er fleire år gamle og lærer av feil dei store selskapa har gjort under planlegging. Og det er mykje å lære, seier Manser.

Han inviterer norske bønder til Sveits for å sjå kva som skjer når bønder tar KuSignal på ekte alvor.

– Det er alltid dei dyktigaste bøndene som søker meir kunnskap og er villig til å gjere endringar. Eg er sikker på at det er motiverte bønder også her, men utan gode døme er det lite som flyttar på seg. For bønder som ikkje vil endre seg har eg eit forslag: Slutt med kyr, seier Manser.

– Dei første åra var eg snill. Så fann eg ut at eg måtte vere ærleg. 

Christian Manser

Cuddle box: KuSignal har lansert konseptet Cuddle box, ei enkel løysing der kalven vert lagt framføre kua slik at ho kan «stelle» kalven sin. Samstundes kan bonden mjølke og handtere kua og gi kalven dei første viktige litrane med råmjølk. – Husk å gi kua rikeleg med lunka vatn etter kalving – gjerne med ei blandinga av litt salt og sukker, seier Manser.  

Stikkord denne saka: , , ,