BN+

Endeleg rosa LED: Anne S. Wiig og Frode Ringsevjen driv Wiig Gartneri. Dei har følgt med på LED-utviklinga i ti år, og fekk endeleg installert dei første i desember. I februar kjem det meir, denne gong frå eit Oslo-basert selskap.


Jær-himmelen lyser rosa over veksthusa på Vik i Klepp. Grunnen? Nye, energienergisparande LED-lampar.


Jane Brit Sande


– Det rosa lyset kjem av at me har installert LED-lampar med raudt og kvitt lys, seier Frode Ringsevjen, som driv Wiig gartneri i lag med Anne S. Wiig.

Endeleg LED

Wiig gartneri har heile 60 000 kvadratmeter med veksthus, og i størsteparten av veksthusa har dei installert vekstlys. Like før jul bytta Wiig gartneri ut 3 000 kvadratmeter med 20 år gamle lys med nye LED-lys, og i løpet av februar månad blir det levert og installert nye lys på ytterlegare 5 000 kvadratmeter. Wiig og Ringsevjen fortel at dei har følgt med på LED-utviklinga i 10 år, og at bruken av raudt lys slettes ikkje er noko nytt.


– Prisen har vore alt for høg til at me har tatt investeringa. No måtte me bytta ut ein del lys, og då ville me ha eit alternativt som er både meir kostnadseffektivt og miljøvenleg, seier Wiig.


Investeringa kostar totalt 12 millionar kroner.


– Lysa som kjem i februar er levert av eit Oslo-basert selskap. Me er glade for at eit norsk selskap kunne levera til ein konkurransedyktig pris, seier Ringsevjen.

Fordelane

For å ha produksjon i veksthusa gjennom vinteren, må det vere tilleggslys i veksthusa. Dei nye LED-lysa hjå Wiig lyser dobbelt så mye som dei tradisjonelle lysa, som er sett saman av raudt, blått og litt grønt lys.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.