Bringebærjentene på Sola
– Travelt, kjekt og lærerikt. Slik summerer Amalie Joa og Elisabeth Joa sommarjobben dei har hatt dei siste tre åra, etter at dei vart bringebærbønder.
– Travelt, kjekt og lærerikt. Slik summerer Amalie Joa og Elisabeth Joa sommarjobben dei har hatt dei siste tre åra, etter at dei vart bringebærbønder.
Tilgang til friskt gras annankvar dag freistar kyrne å gå ut og beite kvar dag, sjølv om dei har godt fôr på fôrbrettet.
Magnus Bø på Kolnes i Sola, kjøpte gard, kvote og kyr, og starta med mjølkeproduksjon i mars i fjor. – Eg har fleire arbeidstimar enn før, men kjenner meg likevel friare, seier han.
Mona og Rolf Magne Haukalid har gått frå eliteokse til dei beste kyrne og eigen okse til kvigene, til RedX på dei beste kvigene og kjøtfe på resten. No satsar dei på 30 prosent kvigepåsett.
Sigrun og Jon Lerhol leverer sommarmjølk frå stølen, 930 m.o.h. – Fjellbeitet er heilt avgjerande for å kunne oppretthalde drift på ein gard som vår, seier Jon.
Øyvind Berge skulle bygge lausdrift, og etter ein lang prosess med idear og utkast, er det meste på plass – unntatt ei gardskjerring.
Solbjørg og Jan Magne Staurland oppnår kvalitetstilskot på 99 prosent av villsaulamma, men meiner det er kjøtfylde, feitt og den finfibra muskulaturen som er viktig for kvaliteten, ikkje vekt.
Jim Arild Håvarstein selde kvoten for å kunne utvide kyllinghuset. No har kyllingen vore med og finansiert ombygging frå kjøt til mjølk og kjøp av mjølkekvote.