HØYR!

Auka juli-mjølka med 37 prosent

28. august 2020

Foto: Privat

Eg trur ikkje dette er starten på ei stor endring

– Men det er ikkje eit alternativ å leggja heilt om til full mjølkeproduksjon om sommaren hjå oss, seier leiaren i Vossestrand Produsentlag, Trond Olav Neteland.

Sjur Håland

Vossestrand produsentlag sine 26 produsentar har greidd å auke sommarleveransen av kumjølk. I juli leverte mjølkebøndene 37,3 prosent meir mjølk enn i juli 2019.

– Oppmodinga om meir sommarmjølk frå høgare hald i Tine har tydelegvis blitt høyrt også i vårt område, seier Neteland.

Enkelte av produsentane har kalving fordelt gjennom året, medan nokre har vårkalving. Den mest alminnelege praksisen blant mjølkeprodusentane i Vossestrand er likevel konsentrert haustkalving.

– Men i år har fleire av oss strekt laktasjonsperioden litt lengre og har dermed kunna levere meir sommarmjølk, seier han.

Produsentlagsleiaren antek at kollegar i Vossestrand i tillegg har utsett slakting av kyr for å fylla kvoten med meir sommarmjølk enn vanleg.

– Dette kan eg ikkje svara sikkert på. Men det eg veit er at mange har gjort litt, og at innsatsen i vårt område, med skeiv mjølkekurve, har gitt stort utslag på julileveransen. Det er enkelt å koma på topp når me er dårlege frå før, seier han, og ler.

– Dårlege?

– Med det meiner eg at utgangspunktet vårt i høve til å levera sommarmjølk kan definerast som dårleg hjå oss.

Hjå Neteland haustar dei grovfôr på 180 mål og har ein kvote på 130.000 liter. Dei har storfe og sau på garden. Bonden gir ein tommel opp til medlemmane i produsentlaget.

– Me treng fersk mjølk også om sommaren. Det er ei kjent sak at Tine har byrja å nærma seg eit kritisk punkt i høve til å vera leveringsdyktige på sommarmjølk.

Ulempa med sommarmjølk-satsinga er at tilleggsbetalinga for sommarmjølk, i følgje Neteland, vil gi lågare utbetalingspris på haustmjølka.

– Det er eit lite ris bak spegelen, men det får me tola, seier han.

– Vil auken i ditt område denne sommaren gi ein varig effekt?

– Eg trur ikkje dette er starten på ei stor endring. Me må heller vera glade for at me kan bidra til å bremsa trenden med mindre mjølkeleveransar om sommaren.

Garden deira ligg meir enn 600 meter over havet. Somrane er korte og intenst arbeidskrevjande for bøndene i Vossestrand.

– Me kan ikkje grøfte i januar. Alt som skal skje ute skal skje i løpet av svært kort tid. Fleire har arbeid utanom bruka. Sommarmjølking blir for hektisk, for lite lønsamt og upraktisk, seier han.

Neteland forklarer at utmarksbeitet utgjer ein vesentleg del av fôrgrunnlaget for bøndene i området. Avsining av mjølkekyrne i beitesesongen er einaste alternativet. Det handlar ikkje om uvilje eller komfortomsyn, understrekar han. Å leggja om slik at høglaktasjonen kjem samstundes med hausting av magre utmarksbeite går rett og slett ikkje.

Stikkord denne saka: