HØYR!

Kraftfôrprisen hindrar øko-satsing

30. april 2021

Alle matprodusentar tapar på dette

Rogaland kjem desidert dårlegast ut i statistikken over økologisk jordbruksareal. – Det er veldig synd viss me ikkje klarer tilfredsstilla den norske forbrukaren sjølve, seier øko-bonde Kolbjørn Anda.

Jane Brit Sande

Førre veke kom tala frå Statistisk Sentralbyrå, som syner kor mykje av jordbruksarealet i Norge som er økologisk, inkludert jord i karens: 4,6 prosent. Rogaland ligg på jumbo-plass med sine 0,9 prosent. Kva er grunnen til det?

– Økologisk produksjon gir lågare grovfôravlingar. Det kan bety at det blir naudsynt med ein reduksjon i produksjonen, dersom ein vel å legga om. Her i fylket, og kanskje særleg på og rundt Jæren, er det ein stor kamp om areala, både i form av leigeavtalar, og at me også er svært pressa på spreieareal, seier Kolbjørn Anda.

Men situasjonen er ikkje heilsvart, understreker han.

– Talet på Debio-godkjente landbruksføretak i Rogaland har gått opp frå 44 i 2015 til 67 i dag.

Anda produserer økologisk mjølk på Randaberg, lengst nord på Jæren. Han produserer totalt 190 tonn mjølk, 80 av desse går til Stavanger Ysteri. Det er ei større utfordring å få tak i lokalt økologisk grovfôr, i følgje Anda.

– Skal ein driva økologisk husdyrproduksjon, bør ein sikra seg eigen produksjon av grovfôr, seier han.

Anda trur at prisen på kraftfôr er den største bøygen for bøndene i Rogaland.

– Kraftfôr er ein stor utgiftspost som bøndene er svært opptekne av, seier han.

– Det økologiske kraftfôret er dyrare enn det konvensjonelle, og det økologiske kraftfôret me kan kjøpa her i Rogaland, er dyrare enn elles i landet. Me som kjøper av Felleskjøpet Rogaland Agder betaler mellom 80 og 90 øre meir i kilopris for kraftfôret, enn dei som kan kjøpa det direkte frå FK Agri, seier Anda.

Sjølv nyttar han årleg kring 55 tonn kraftfôr i mjølkeproduksjonen.

– Det er svært avgjerande med rikeleg, og godt, grovfôr. Eg må produsera mest mogleg mjølk på minst mogleg kraftfôr. Igjen blir areal ein faktor, seier han.

Tala for etterspurnaden av økologiske matvarer peikar stadig oppover. Dette rommet bør norske bønder fylla sjølve, meiner Anda.

– Produserer me ikkje det marknaden etterspør, blir denne opninga tetta av import. Importen er vanskeleg å stoppa. Det er veldig synd viss me ikkje klarer tilfredsstilla den norske forbrukaren sjølve, seier han.

– Alle matprodusentar tapar på dette, ikkje berre oss som driv økologisk. Me er alle i same båt, seier han.

Anda meiner at Jæren og Rogaland har mange fordelar, som bøndene kan dra nytte av i ein økologisk produksjon.

– Samanlikna med andre stader i landet, har me ein lang vekstsesong. Her er også rikeleg med husdyrgjødsel. Og bøndene her i fylket er dyktige og offensive, seier han.

Stikkord denne saka: