HØYR!

Meir kjøt med tyngre slakt

Alt for mange kviger er alt for lette

Nortura tar grep for å greia dekka inn 1.200 tonn av storfekjøtunderskotet.

Sjur Håland

Kjøtvekt er nøkkelordet. Nortura sine produsentar blir nå oppmoda til å auke slaktevektene på ung okse og å fôre fram fleire kviger og kalvar til fullverdige slakt i 2021 og 2022.

– Dette har eg tru på at me får til. Norske storfebønder blir meir leveringsdyktige og kan henta inntektsmoglegheitene som det gjeldande underskotet representerer, seier bonde og leiar i Nortura sitt Fagutval storfe, Martin Mæland.

Eigentleg peika forbrukspilene på storfekjøt svakt nedover. Men koronapandemien har snudd trenden. Forbruket har auka og det har blitt meir kundemerksemd på at kjøtvarene i butikkane skal vera norskprodusert. Underskotet er betydeleg, 1200 tonn vil hjelpa godt på, forklarer Mæland.

– Det blir avgjerande viktig å kunna levere kjøtvarene i månadane framover. Å vente på slakt frå eventuelle nyetableringar løyser ikkje problemet. Ein slik strategi vil ta minst tre år. Då er det ikkje ein gong sikkert me treng dette kjøtet.

Mæland seier at dagens underdekning gjer det lettare for politikarane å opne opp for storfekjøt i handelsavtalane.

– Auka import betyr tapte inntekter og tapte moglegheiter for norske bønder. Det er blant grunnane for at Nortura nå legg opp til ein rask, men kontrollert vekst av eigen produksjon. 1.200 tonn samsvarar med 25 kilo i pluss på kvart storfeslakt til Nortura, illustrerer Mæland.

Han peikar særleg på kvigene som kjem inn på slakteria.

– Alt for mange kviger er alt for lette.

Som ein del av vektaukestrategien tilbyr Nortura ein eigen kvigeavtale gjeldande frå tredje mai. Med minimumsslaktevekt på 200 kilo og klasse O eller høgare, er vinsten for bonden fire kroner ekstra for kiloen. Om Nortura sine storfeeigarar sluttar seg til avtalen, vil produksjonsauken desse kvigene representerer utgjera heile 510.000 kilo kjøt, har Nortura rekna ut.

– Avtalen gjeld for heile landet. Dermed bør det også bli interessant å selja unge kviger ein ikkje vil rekruttera under eller ikkje har plass til – til kjøparar med plass som kan inngå kvigeavtale.

Han påpeikar at kvigeavtalen også inkluderer oppfôring av overskotskviger frå mjølkerasar.

– De legg opp til å fôre kviger fram til slaktemogen alder i staden for å slakta dei som kalv eller ikkje fullverdig slakt. Er dette ei erkjenning av at de har gitt feil råd – og at for mange kalvar har blitt slakta?

– Nei. Det handlar vel så mykje om at veksten i nyetableringar i ammekuproduksjonen har flata ut. Konsekvensen har blitt redusert livdyrhandel og at det ikkje er same behovet for livdyr.

Både eigarane og selskapet deira vil koma økonomisk styrka ut av tiltaka, meiner Mæland.

– Så vil det også vera ein pluss for omdømmet vårt at bøndene gjer ein ekstra innsats for å levera under pandemien.

Stikkord denne saka: