BN+

Foto: privat


MOLDROK

Odelsjenta i norsk landbruk



I Håvamål står det: ”Hev du to geiter og ein tausperra sal, då tarv du ikkje tigge” Geita er eldst av husdyra våre, ved sida av hunden, og ho har gått den lange vegen. Gjennom bronsealder og mellomalder, i borkebrødstider og krigsnaud, gav geita næring og varme, helsebot og kraft til menneska. I ti tusen år har geita vore ved uss. Ho høyrde til her i gråsteinslandet. Ho høyrer til her i dag.
For 30 år sidan var vi omlag 1100 geitemjølkprodusentar i Norge, og nesten all geitemjølka gjekk til brunostproduksjon. I dag er vi omlag 270 geitemjølkprodusentar - og nesten all geitemjølka går framleis til brunostproduksjon. Det har ikkje mangla på planer for geitemjølka. Vi fekk presentert langtidsplaner, strategiplaner og høge tankar. Men mjølkekvaliteten var ikkje god nok.


Vi bretta opp ermane og gjorde jobben. Med smak, frie feittsyrer og jurhelse - og ikkje minst sanering. Når vi berre fekk sanert, ville verda nærast ligge open for norsk geitemjølk. Vi kunne eksportere til alle - verdens finaste og reinaste geitemjølkprodukt. Eg meiner vi har gjort jobben, og vi skal jobbe vidare. Eg veit ikkje om eg synast Tine har gjort jobben etter vi har sanert.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: