KRONIKK

På gyngande grunn

1. mars 2022 | Dessutan

Lang prosess: Særleg rogalandsbøndene ventar i spenning på regjeringa sitt forslag til ny gjødselbrukforskrift. Truleg må dei venta ei stund til, før talmaterialet er klart. Foto: Thea Hjertuslot

Føresetnaden for å kunne diskutere nye krav til spreieareal, er at grunnlagsmaterialet er rett. Det er det visstnok ikkje på langt nær.

Olav Magne Tonstad, rådgjevar.
Jordbrukssjef i Hå frå 1999 til 2015.

Dei siste vekene har det i fleire artiklar i Nationen kome fram at avlingane som ligg til grunn for å vurdere strengare krav til spreieareal, er alt for låge. Ja, kan hende berre halvparten av det reelle avlingsnivået. Bakgrunnen for artiklane er ein rapport som NIBIO utarbeidde i 2016 etter oppdrag frå Miljødirektoratet. NIBIO vart beden om å kome med forslag til «forskriftskrav om tillatt spredemengde av fosfor i jordbruket». Artiklane i Nationen har ført til at NIBIO har teke initiativ til å gå gjennom avlingstala på nytt.

Mange spørsmål

Det er fleire sider ved denne rapporten som det no er blitt stilt spørsmål ved, så som:

  • Avlingstala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) som NIBIO har nytta, er for låge.
  • NIBIO visste om at tala frå SSB var usikre, men brukte dei likevel.
  • I rapporten er det presentert ein avlingsnedgang i Rogaland på 27 prosent frå perioden 1981 – 2001 og til perioden 2010 – 2015, utan at dette er drøfta inngåande i rapporten. Det er opplyst at «Dette kan delvis skyldes usikkerheter i avlingsberegningene for gras.»
  • SSB har ikkje teke omsyn til avling som blir teken opp gjennom beiting.
  • NIBIO let vere å nytte andre avlingstal, som dei hadde tilgjengeleg, og som viste mykje høgare avlingsnivå.

At dette ikkje er blitt oppdaga før, kan skuldast den store respekten som vi har til forskarar og byråkrati.

Olav Magne Tonstad

Opp til 7,14 dekar

Basert på NIBIO sin rapport kom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet utpå hausten 2018 med eit forslag til ny gjødselbrukforskrift. Landbruksdirektoratet føreslo eit spreiearealskrav på fem dekar, som i løpet av nokre år skulle aukast til seks dekar. Miljødirektoratet føreslo at kravet i løpet av nokre år skulle aukast heilt opp til 7,14 dekar (tidspunkt for dette er ikkje tidfesta). Miljødirektoratet baserte seg på at husdyrgjødsla og mineralgjødsla maksimalt skulle innehalde 2,1 kilo fosfor per dekar. Dei strenge krava til spreieareal skuldast også for mykje fosfor i jorda.

Under radaren i årevis

Etter at forslaga om strengare krav til spreieareal vart kjent, har det vore mykje diskusjon om konsekvensane. Rogaland, til dømes, vil med det strengaste alternativet mangla ca. 200 000 dekar spreieareal. Bøndene har venta i spenning på regjeringa sitt forslag til ny forskrift. Nå ser det ut til at dei må vente ei god stund til.
Det er tankevekkande at denne saka tilsynelatande har «gått under radaren» i fem år. At dette ikkje er blitt oppdaga før, kan skuldast den store respekten som vi har til forskarar og byråkrati. Det var først ein vaken journalist i Nationen som byrja å stille spørsmål ved NIBIO sin rapport og som drog i gang debatten. Ettersom NIBIO visste at avlingstala var usikre, er det overraskande at dei publiserte rapporten. Men når den likevel vart publisert, så er det også eit tankekors at ikkje «varsellampene» tidlegare byrja å lyse hjå forskarane. At dei ikkje på eiga hand byrja å revidere rapporten, lenge før dei vart oppringd av journalisten i Nationen. SSB har også eit forklaringsproblem etter at dei i mange år har presentert avlingsstatistikkar som dei visste var usikre.

Debatten om spreieareal viser at rogalandsbonden har ei utfordring når det gjeld kommunikasjon.

Olav Magne Tonstad

God nok modell?

Ei anne side ved rapporten, som til no i liten grad er blitt debattert, er fosforbalansen i jorda. Saman med avlingsnivået avgjer fosforinnhaldet i jorda kor mykje det er tilrådeleg å gjødsle. Eg har ikkje kunnskap nok til å vurdere dette. Men ved å lese dei ulike tabellane til NIBIO, synest det å vere tilnærma rein matematikk at dersom bonden tilfører meir fosfor enn det som vert fjerna gjennom avlingane, så aukar overskotet av fosfor tilsvarande. Dersom bonden gjødslar med mindre fosfor enn det som blir fjerna med avlinga, kan NIBIO vere så sikre på at bonden ikkje opplever reduksjon i avlinga? Kan NIBIO vere sikre på at modellen for berekning av behovet for fosfor er god nok? Vi må ikkje gløyme at grasdyrking er ein biologisk prosess.

Kor er Særheim?

Så langt eg kjenner til har ikkje NIBIO kontakta Norsk Landbruksrådgiving Rogaland for å få dokumentasjon på bøndene sine avlingstal. Prosessen med utarbeiding av nye krav til spreieareal viser at avstanden frå Oslo og Ås til Rogaland synes å vere lang. Eg har som jordbrukssjef i mange år i Hå kommune, og etterpå som leigetakar i NIBIO sitt kontorbygg på Særheim, lenge sakna forskarane til NIBIO på Særheim si røyst i denne og andre saker. Kvifor er ikkje delar av denne viktige forskinga lagt til Jæren, der det veks rikeleg gras og der det er tettast med husdyr?

Gjennom matfatet: Vassdraga på Jæren kunne vore reinare, men er strengare spreiearealskrav den beste løysinga på problemet? Foto: Jane Brit Sande

Spør jærbonden

Debatten om spreieareal viser at rogalandsbonden har ei utfordring når det gjeld kommunikasjon. Han slit med å nå fram med sin argumentasjon og få gehør for sine synspunkt. For nokre år sidan skreiv eg ein artikkel i Jærbladet med overskrifta «Ingen tykkjer synd på Jærbonden». Slik er det også i dag. Nå ber ikkje jærbonden og heller ikkje rogalandsbonden om at andre skal tykkje synd på dei. Men bøndene etterlyser ei større involvering. Derfor bør NIBIO engasjere bøndene og Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland på Særheim i dette arbeidet.
Bøndene på Jæren og i Rogaland har over fleire tiår samla inn data for avlingar, fosforinnhald i jorda, gjødslingsmengder og grovfôranalysar med fosforinnhald i graset. Hjå NLR på Særheim er det fleire hyllemeter med tal, og derfor nok opplysningar til å utarbeide ein eigen rapport for Rogaland. Ei gruppe er visstnok alt i gang med å skaffe meir kunnskap om avlingsnivå og fosfornivå. Dette kan bli eit nyttig supplement til NIBIO sin rapport.
I denne viktige debatten, saknar eg òg at landbruksdirektøren med sine fagfolk hadde vore meir på banen. Eg forstår at dei opererer i kulissane, men det hadde ikkje skada om dei var litt meir synlege. Bøndene i dag kan takke tidlegare fylkeslandbrukssjef Einar K. Time for at dei kan nytte beita sine til spreieareal. Utan hans faglege tyngde og iherdige engasjement hadde ikkje dette vore mogleg.

Ikkje berre reinare vatn

Regjeringa vedtok for nokre år sidan at matproduksjonen skulle aukast med éin prosent årleg dei neste 20 åra. Det er også blitt sagt at krava i vassdirektivet om reint vatn i elvar og innsjøar, ikkje skulle føre til reduksjon i matproduksjonen. Dette må ligge i botnen når ei endring av krava til spreieareal skal fastsettast. Det er ikkje berre vassdirektivet sine krav til reint vatn som skal styre denne prosessen.

Problemet er at fagfolka enno ikkje veit kor mykje reinare vatnet vil bli.

Olav Magne Tonstad

Heller større lager

I forslaget til ny gjødselbrukforskrift er det vidare føreslått å redusere perioden for spreiing av husdyrgjødsel frå 1. mars til 1. september. Lagerkapasiteten skal framleis vere åtte månaders lagring. Ettersom tidspunktet for spreiing av husdyrgjødsel er innskrenka både om våren og hausten, overraskar det meg at lagerkapasiteten ikkje er føreslått utvida til ti månader. Mange bønder på Jæren har alt utvida lagerkapasiteten. Eg trur at det vil vere større forståing for å utvide kravet til lagerkapasitet enn å skjerpa kravet til spreieareal.

Raude tal

NIBIO har, med dei usikre avlingstala som er brukt, berekna at dersom kravet til spreieareal blir skjerpa til 2,2 kg fosfor per dekar og år, vil Rogaland mangle nesten 206 000 dekar spreieareal, når beitefrådrag er trekt i frå og spreieareal på innmark er lagt til. Husdyrhaldet i fylket må då reduserast med 32 175 GDE (gjødseldyreiningar), det vil seia 32 175 mjølkekyr(!) i forhold til dagens produksjon. Dei økonomiske konsekvensane har NIBIO enno ikkje oversikt over. Jæren rekneskapslag har rekna på det, og tala er langt frå lystelege. Så blir spørsmålet om ein bør betale den høge prisen for å få reinare vatn, og i så fall kven som skal betale rekninga. Men problemet er også at fagfolka enno ikkje veit kor mykje reinare vatnet vil bli. Effekten av ei innskjerping av krava til spreieareal er heller ikkje godt nok dokumentert. Her er det framleis mange utfordringar å gripe fatt i.

Stikkord denne saka: