HØYR!

På tide å sjekke gjødselkjellaren!

23. april 2020

Rust treng sju gonger så mykje plass som jernet

– Alle konstruksjonar, også betongkonstruksjonar, svekkast over tid, og treng tilsyn, vedlikehald og reperasjonar, seier Per Olav Skjølberg frå NLR.

Sjur Håland

Ingen ting varer evig. Heller ikkje i landbruket.

– Tre rotnar, jern rustar og betong forvitrar over tid, seier Skjølberg.

Han er fagkoordinator landbruksbygg ved Norsk Landbruksrådgiving (NLR) sitt hovudkontor på Ås. Skjølberg uttalar seg på generelt grunnlag, og kjenner ikkje til den aktuelle saka i Time rett før påske der veggen i ein gjødselkjellar brast og 500 kubikkmeter gjødsel rann ut. I gjødselkjellarar er miljøet fuktig med ulike gassar og syrer som tærande urin.

– Betongen vil særleg angripast over gjødselnivået i kjellaren. Dermed er taket over gjødsellageret, øvre del av veggene, saman med dragarar og øvre del av søyler særleg utsett for tæring, rustsprenging og svekking av konstruksjonen, seier han.

Gamle førestillingar om at betong varar like lenge som ein gråsteinsmur gjeld ikkje, understrekar Skjelberg. Dermed er inspeksjon av gjødselkjellarar som er bygd i ei anna tid og med andre krav til betongkvalitet og armering enn dagens, einaste rådgjerd for å sjekke tilstanden og gjere tiltak for å unngå kollaps. Det er eit ikkje heilt ufarleg arbeid.

– Under slikt arbeid må HMS ha første prioritet. NLR sine ekspertar brukar same utstyret som brannvesenet, med oksygenflaske på ryggen, når me er ute på slike oppdrag.

Han rår bøndene til å bruka sunn fornuft.

– Er lageret tomt og utstyrt med port som kan opnast og du får god gjennomtrekk, kan det vera mogleg å gå inn i lageret, dersom du på førehand har analysert risikoen. Typiske fareteikn å leite etter er dekke og toppen av søyler og dragarar der oppsmuldrande betongflak har falt ut og blottlagt armeringsjern, som har byrja å rusta.

– I slike tilfelle beskyttar ikkje lenger betongen armeringa. På nyare betongkonstruksjonar er dekkinga med betong over armeringa større enn det som gjerne var praksis før, seier han.

Fysikkens og kjemiens lover er klare. Armeringsjern som byrjar å ruste, vil utvide seg.

– Rust treng sju gonger så mykje plass som jernet. Då vil rust sprenge betongen. På dei svakaste punkta, som ytst på dragarane, vil armeringsjernet til slutt bli heilt blottlagt.

– Kva er rette tiltaka dersom ein ved ein inspeksjon ser blottlagd armering og tært betong?

– Då må du skaffa deg ein plan frå fagfolk på kva som kan gjerast og korleis. Betong har ei høg vekt. Ein kubikkmeter veg 2,5 tonn. Å leggja på ny betong på ein eksisterande konstruksjon, vil bety at konstruksjonen vil ha ein mindre kapasitet enn tidlegare om ein ikkje armerer slik at heile konstruksjonen blir styrka.

Stikkord denne saka: