Siste reis: Sjølv om det er sjåførens ansvar å berre ta med friske dyr, så er han heilt avhengig av at bonden gir han alle opplysningar dersom det er noko ved dyra som kan påverke dei under transport.

Den viktigaste delen av ein dyretransport er det som skjer før hjula rullar. Dyrevelferd, kjøttkvalitet og hygiene blir påverka av det du gjer før dyrebilen står i tunet. Så kva bør du hugse på før dyra går ut fjøsdøra?

Inge Midtveit, spesialveterinær i Animalia

Friske dyr som er vande med handtering og flytting til nye miljø toler godt å bli transportert av ein omtenksam sjåfør. Sjuke og skadde dyr toler det dårleg og opplever transporten som smertefull og stressande. Ein høgare andel av desse dyra døyr eller må avlivast under eller etter transporten. Det viktigaste for å sikre god dyrevelferd under transport er difor å sjå etter at dyra er friske og raske før dei blir leste på bilen.

Førebuing til transport

Sjølv om det er sjåførens ansvar å berre ta med friske dyr, så er han heilt avhengig av at bonden gir han alle opplysningar dersom det er noko ved dyra som kan påverke dei under transport. Dette er også eit krav i regelverket. Når bonden kryssar av og skriv under på køyresetelen at alle dyr er friske og eigna for slakt, så skal sjåføren kunne stole på at det er så. Ved innmelding av dyr til slakt skal ein legge inn informasjon om det er dyr som har særlege behov. Det er til dømes lov å transportere sau med vombiskinn dersom det ikkje går nedanfor hasen, men sauen skal ha ekstra god plass på bilen slik at den kan legge seg og reise seg utan risiko for å bli trødd på. Slakteri og sjåfør bør ha den informasjonen før dei planlegg henting.

Rettleiar for vurdering av dyra

I mange tilfelle kan dyr som ikkje er heilt friske takast med dersom sjåføren legg til rette for ekstra gode tilhøve på bilen. I praksis betyr dette at dyret får stå aleine eller i lag med eigna selskap. Mattilsynet har på sine nettsider publisert ein rettleiar som gjev hjelp til å vurdere om dyra kan transporterast. Rettleiaren omhandlar mange tilstandar som ein regelmessig ser i fjøset, men det vil alltid vera noko som ein ikkje finn i skrifta. Det er difor alltid rett å gje dyr ein er i tvil om tilstanden til særleg gode forhold på bilen. Avmagra dyr er ikkje eigna til slakt og skal ikkje på bilen, om det er purker, sauer eller kyr.

Tilrettelegging: Det er lettare å tilpasse transporten til dyras behov om ein kan transportere storfe i to høgder

Faste er viktig

Mette dyr opplever meir ubehag under transport. Det blir blautt og møkkete på bilen, og det er lite å vise fram for folk. Gris som ikkje har fått fôr på 6-12 timar går lettare enn ein mett, treg og tung gris. Kort pålessingstid er ikkje berre økonomisk, det stressar også grisen mindre. Det bør ikkje gå meir enn 20 sekund per slaktegris når du tek tida frå fyrste til siste gris på bilen. Sau og lam har også godt av å faste før transport, slik at det held seg tørt og fint på bilen. Dyr som får mykje kraftfôr bør berre få grovfôr eit par dagar før levering, og så få berre vatn 6-12 timar før pålessing.

Handtering og kjøttkvalitet

Det er viktig for kjøttkvalitet at dyra blir slakta med energireservar i musklane. Det påverkar mørheit, farge og smak. Gris som slåst blir tappa for energi i tida før slakting. Slåssing kan også oppstå dersom ein omgrupperer ungoksar eller mellomkalv siste veka før slakting. Fasting i 6-12 timar før transport påverkar ikkje kjøttkvaliteten negativt sjølv om det kjem litt oppstallingstid på slakteriet på toppen. Dersom dyra går lenger enn 24 timar utan mat før slakting, så vil dyra tære på reservane og kjøttkvaliteten vil kunne bli nedsett. Under norske tilhøve er transporttida ikkje relevant for kjøttkvaliteten, men plassen dyra har på bilen, måten dyra er plassert og sjåførens køyrestil kan ha innverknad.

Grisen treng god tilrettelegging

Slaktegris har, samanlikna med storfe og småfe, ikkje opplevd store endringar i miljøet under oppveksten. Den er difor mindre rusta til å takle nye miljø, og det er viktig at ein legg godt til rette for utdriving av gris. Merking skal skje i god tid før levering og ikkje under utdriving fordi det påfører grisen unødvendig stress. Grisen er også svært opptatt av rangorden og vil slåst dersom han møter framand gris frå nabobingen. Terskelen for å slåst blir påverka av stress. Gris som synest det er skremmande å møte det nye miljøet under utdriving frå bingen til dyrebil, vil difor slåst meir enn gris som er komfortabel med situasjonen. Optimal dyrevelferd og kjøttkvalitet oppnår ein ved å levere alle i bingen samstundes. Sjåføren må så plassere desse i eige rom på dyrebilen. Ved avlessing på slakteriet må dei settast i eigen binge. Dette er også rutinen i Spania og Italia, der ein slaktar gris for produksjon av spekeskinke.

Stikkord denne saka: