Meir fakta: Mykje er ennå ukjent om utbreiinga av APP-bakterien og om kva typar ein finn ved sjukdomsutbrot – difor held Små-i-ro-prosjektet fram. Foto: Istock

Nær alle purkebesetningane som me har tatt blodprøvar av for APP-bakterien av type 3/6/8 er gjennominfisert. Samstundes varierer USR-data for hjartesekk- og brysthinnebetennelse mykje mellom besetningar med same smågrisleverandør.

Inge Midtveit, spesialveterinær, prosjektleiar i Animalia

Bondevennen skreiv om prosjektet Små-i-ro ved oppstart i mars i år. No har Animalia kome godt i gang med blodprøvetakinga ved slakting av purker frå ikkje-SPF besetningar. Vi har tatt blodprøvar frå 19 purkebesetningar og totalt 341 blodprøvar er analysert for APPbakterien av type 3/6/8.
I den første runden prioriterte me purkebesetningar som leverer til omsynsvis slaktegrisbesetningar med mykje og lite USR-registreringar på lunger. Resultatet viser at nær alle besetningar er gjennominfisert. Berre eit par besetningar har mindre del smitta purker – hjå resten er 80-90 prosent av prøvetatte purker positive. Det er likevel interessant at smågrisen frå desse gjennomsmitta smågrisbesetningane ikkje gir like mykje sjukdom i alle slaktegrisbesetningar. Dette viser at du kan få friskare slaktegris ved å forbetre miljø og stell i slaktegrisbesetningane med det smågrismaterialet du har i dag.

Prosjektet fortset

Det er mykje me ikkje veit om utbreiinga av APP-bakterien og om kva typar ein finn ved sjukdomsutbrot. Prosjektet vil derfor arbeide vidare med å identifisere kva type APP-bakterie ein finn i besetningar med akutt sjukdom. Dette gjer me ved å ta ut lungeprøvar frå sjuk slaktegris og sende til bakteriedyrking ved Veterinærinstituttet. Desse bakteriane blir så sekvensert for å sjå kva type det er. Det er fleire ulike typar APP. Medan nokon ikkje gir sjukdom er andre meir sjukdomsframkallande. Særleg interessant blir det å sjå førekomsten av blandingsinfeksjonar med ulike APP-typar. Det vil vidare bli meir blodprøvetaking av purker for å kartlegge ein større del av purkepopulasjonen i Rogaland. Særleg vil me undersøke purker frå avlsbesetningar som ikkje er SPF.

Har du utbrot av lungesjukdom i slaktegrisfjoset?

For å få inn prøvar for bakteriedyrking og sekvensering, treng me at du som slaktgrisprodusent varslar slakteriet ditt når sjukdom opptrer. Slakteriet vil så organisere prøveuttak.

Små-i-Ro

Eit prosjekt finansiert av Rogaland fylkeskommune. Animalia er prosjekteigar og samarbeider med Prima, Fatland og Nortura i Rogaland. Prosjektet går over fleire år og har som mål å heve smågriskvaliteten i Rogaland til nivået med resten av landet.

Stikkord denne saka: