Balansegjødsling 2.0

2. mai 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Dei fleste bønder tar nok for gitt at «balansegjødsling» inneber å gjødsla i balanse med avlingane du haustar. Slik har jo prinsippet vore meint sidan fosfor­norma vart justert i 2008.

Men med innføringa av dei nye gjødselreglane verkar regjeringa å ha gitt ordet ei ny meining. Og den nye «balansegjødslinga» er i ferd med å skapa uheldig forvirring.

For med det nye regelverket har du nemleg to val. Anten må du gjødsla etter lågare grenser for fosfor. Eller du må kunne dokumentera balansegjødsling på gardsnivå.

Berre at sistnemnde ikkje lengre tyder å tilføra næring i balanse med næring tatt ut gjennom avlingar.

Nei, etter 2027 vil balansegjødsling innebera at alt fosforet som kjem inn på garden – frå kraftfôr, eige og innkjøpt fôr, gjødsel og dyrestatus, til kjøt, mjølk, fôr og livdyr – skal stå i eit 1:1 forhold. Eller lågare.

Éin ting er at landets fremste ekspertar meiner dette er nesten umogleg å oppnå. I Bondebladet kjem det fram at korkje Harald Volden ved NMBU, Anders Rognlien i Yara eller mjølkebonde og talknusar Jørn Viste i Hå trur 1:1 er
realistisk for den gjengse bonde.

1:1,3 er meir realistisk, spelte Yara inn i sitt høyringssvar til regjeringa. 1:1,2 vågar Volden seg.

Dette er signal som me håpar at landbruksdirektoratet verkeleg tar til seg i arbeidet med ei rettleiing til gjødselbrukforskrifta.

Eit anna alvorleg forhold er den nemnde forvirringa kring kva balansegjødsling ér – og korleis ein skal måla den.

I førre utgåve av Bondevennen går jærbøndene Kristian Vinningland og  Geir Jone Pollestad til frontalåtak mot den nye definisjonen. «Kompliserande, forvirrande og heilt unødvendig i forhold til å ha kontroll på fosforrekneskapen og -status ute på jordene», meiner dei to. Dei tar til orde for at jordprøvar bør fungera som ein fasit for balansegjødsling.

Men her er ikkje lengre ekspertane samde med jærbøndene. Landbruks­direktoratet har nemleg fått høyringssvar frå mellom andre NMBU og NLR som nå meiner at jordprøvar ikkje er godt nok for å dokumentera om fosforbalanse-gjødsling er gjennomført.

Ekspertar Bondevennen har snakka med meiner P-AL er eit alt for upresist verktøy for å vurdera gjødslingspraksis på gardsnivå. Dei hevdar også at det er svært sannsynleg at du vil få ulike svar om du tar ut GPS-festa jordprøvar med fire-års-intervall.

Og kva då for bonden, om fosfortala aukar i løpet av dei fire åra, sjølv om det er målemetoden og ikkje gjødslinga, som skapar uvisse?

Dei nye gjødselreglane som trådde i kraft 1. februar inneber heldigvis ein overgangsperiode på to år før fosforgrensene strammast til.

Dei to åra må nyttast godt slik at ein får landa ein skikkeleg mal for balanse­gjødsling, og ein rasjonell praksis for bøndene.

Eit regelverk å strekka seg etter gir meining. Ei forskrift der ambisjonane er så høge at bønder gir opp, kjem skeivt ut frå start.

DEI SISTE LEIARANE:

Den største oppgåva

Den største oppgåva

Eg vil gi garden min vidare i betre stand enn då eg sjølv fekk han, seier bonden. Han er ikkje aleine om denne leveregelen. Dei fleste andre ønskjer òg å  etterlata seg noko betre.

Rundballen

Rundballen

O Rundballe,
du kvite, tunge kladd i åkerlandet
Traktor-egg, siloball, i stabel eller rekke eller som einsam, nattlysande måne
Ein junikveld, nylagte egg spreidde over heile den vide enga før bonden
varsamt samlar dykk i reiret sitt

Vedlikehald i ville tider

Vedlikehald i ville tider

Eigentleg er det ganske vilt å arrangera ei landbruksmesse av Agrovisjon sitt kaliber i 2025. Verda er ein endå skumlare plass enn sist gong kjempearrangementet gjekk av stabelen i Stavanger i 2022.