Ein klok pause
Bothild Å. Nordsletten
Norsk melkeråvare melde i førre veke at dei set bruken av det metanhemmande middelet Bovaer på vent. Pausen kjem i påvente av meir kunnskap om kva som har gitt negative følgjer i enkelte besetningar i Danmark.
Danske storfebønder med meir enn 50 kyr har måtta gi Bovaer til dyra sidan 1. oktober. I vekene etter har fleire meldt om tilfelle av mellom anna redusert drøvtygging, mindre avdrått, sjuke dyr og plutseleg død.
Norsk melkeråvare, som er underlagt Tine, viser til føre-var-prinsippet når dei nå set forsøket med Bovaer på 70 norske gardar på vent fram til midten av januar.
«Etter-snar» er kanskje eit betre ordval. Vel vurderer både Mattilsynet og EUs mattryggleiksorgan EFSA Bovaer som trygt for både menneske og dyr. Og ingen av dei negative følgjene som er observerte i Danmark er rapporterte om her heime. Men mangelen på langvarige forsøk under norske forhold har gjort mange bønder og forbrukarar urolege. Betre vart det ikkje då årets jordbruksoppgjer varsla at metanhemmarar til mjølkekyr kan verta eit krav for å få husdyrtilskot alt frå 2027 av.
Debatten etterpå er framleis eksplosiv. Her er mellom andre Bondelaget som forsvarar metanhemmarar som ein effektiv måte å nå klimaforpliktingane på. Motsett finn me skeptiske bønder som er lut lei stempelet som klimaverstingar. «Ikkje tukla med naturen», seier dei. Draghjelp får dei frå veterinærar og kosthaldsekspertar, men også frå klimafornektarar og konspirasjonsteoretikarar.
Ein heftig debatt er ikkje grunn nok til å stogga innføring av metanhemmar. Men tilfella av moglege alvorlege biverknadar er det. Bondevennen meiner derfor det er klokt å pausa testinga i norske fjøs. Me ser i møte meir kunnskap og forsking under heimlege forhold.
Undervegs må pausen nyttast godt. Debatten om klimakutt, dyrehelse, driftsøkonomi og forbrukartillit må halda fram. Det står så mykje på spel. Framtida til mjølke- og meierimarknaden kan bli påverka. Truverdet til jordbruket sitt klimaarbeid likeså. Bonden sitt klimaomdøme er alt under krysspress. På den eine sida står både forkjemparar og motstandarar av Bovaer i og utanfor næringa. På den andre sida politiske krefter som ønskjer sterkare klimalut mot husdyrprodusentane om dei ikkje kuttar metanutslepp snarast.
I så måte er det også svært viktig at partane i debatten er budde på resultata av den komande forskinga: At Bovaer ikkje er trygt å bruka. Eller, motsett, at det er heilt harmlaust.
DEI SISTE LEIARANE:
Rydd opp i målkonfliktane
Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.
Riktig å reforhandla
Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030.
Fagbrev nå
Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.


