Jæren, we have a problem

12. september 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Jæren slit med å tiltrekka seg nok landbruksfagleg kompetanse. Situasjonen er paradoksal. Det er som om Houston ikkje klarte å lokka til seg nok olje-ekspertar.

For det var hit til Jæren, skulle ein tru, til matfatet Rogaland, dei ville flokka seg: Dei skarpaste hovuda innan agronomi, husdyr, plantefag, landbruksmekanikk, ja, alle ting «grønt» og framtidsretta.

Men det gjer dei ikkje.

To døme illustrerer utsegna du høyrer stadig oftare: – Me manglar folk.

I Hå, Landbruks-kommunen med stor L, vart stillinga som jordbrukssjef utlyst to gonger i fjor. Til saman var det berre ti personar som søkte. Stillinga vart ikkje besett. Hausten 2025 er det framleis Haldor Gislason som har jobben, på tiande året. Nå på innleigebasis, for Gislason er eigentleg pensjonist.

Eit anna døme er jakta som Norsk Landbrukssrådgiving nå driv på rådgjevarar og forsøksteknikarar i region sør. Førebels utan hell. Dei får ikkje folk. Konsekvensen er at jærbøndene blir gåande og venta på den rådgjevinga dei treng.

Utviklinga er urovekkjande. Vel tenkjer kanskje nokre jærbønder at dei har «heila vede’». Men ingen har jo det. Og utan nok topp rådgjevarar, utan stadig fagleg oppdatering, utan at etablerte sanningar blir utfordra, så risikerer også jærbonden å bli seg sjølv nok.

Og den som er seg sjølv nok, den utviklar seg ikkje. I så måte er mankoen på fagfolk ikkje berre alvorleg for drifta på den einskilde gard. På sikt undergrev han den nasjonale sjølvforsyningsevna.

Årsaka til at me har hamna her, er kjende. «Oljå» har lenge forsynt seg godt av tilgjengeleg kompetanse, og betalt fett for den. Parallellt er talet på dei som utdannar seg innan plante- og husdyrvitskap lågt. Ikkje minst blant ungdom frå Rogaland er det få som vel desse faga.

Slik kan det ikkje halda fram. Slik kan me ikkje ha det i eit matfylke. Aller minst når utfordringane for næringa og matproduksjonen står i kø, og kompetansebehovet er enormt og veksande. Det skulle vera nok berre å nemna klimaendringar, miljøkrav, gjødselreglar, biogass-etablering, lausdriftskrav og nye dyrevelferdsregime. Desse er utfordringar som bonden må forhalda seg til i praksis, kvar dag, året rundt. For ikkje å snakka om Stortinget sitt sjølvforsyningsmål som inneber at bøndene skal produsera 25 prosent meir mat innan 2030. Kunne vore greitt med nokre gode råd om korleis, sant?

Ansvaret for at jordbruket til ei kvar tid er kompetent kviler på bonden sjølv,  på samvirka og andre næringsmiddelaktørar. På rådgjevingsapparatet og utdanningsinstitusjonane. Og på kommunen, fylket og staten. Nå må alle framsynte krefter gjera sitt for å sikra statusen, løna og attraktiviteten til folka og fagmiljøa som framtidas matproduksjon avheng av.

DEI SISTE LEIARANE:

Stein på stein

Stein på stein

På toppen av det nye året er det ei glede å vera vitne til oppdrifta i jordbruksnæringa. Ungdom som satsar på fjørfe, på gris og ikkje minst på mjølk.

Julenissen, hugs Rogaland!

Julenissen, hugs Rogaland!

Rogalandsbonden kjem langt med sitt sagnomsuste pågangsmot, men han lyt òg ha pengar.

Ta eigarskap til jorda

Ta eigarskap til jorda

Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.