Julenissen, hugs Rogaland!

19. desember 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Rogalandsbonden kjem langt med sitt sagnomsuste pågangsmot, men han lyt  òg ha pengar.

Det er difor med uro me konstaterer at Innovasjon Norge (IN) sin investeringspott for Rogaland i 2026, dei såkalla IBU-midlane, alt er i ferd med å tømmast.

Dette er pengar som for mange er avgjerande for at dei faktisk bygger nytt fjøs, eller på anna vis rustar opp produksjonsapparatet.

I 2025 har Rogaland brukt både sin eigen pott på 95 millionar kroner, samt halvparten av den nasjonale potten på 150 millionar kroner. Midla har i hovudsak gått til omlegging til lausdriftsfjøs.

Pågangen av søknadar er svært stor. Og lite seier vel satsingsvilje og framdriftstru så høgt som bunken med IN-søknadar!

I så måte er det demotiverande å notera at pengesummen for neste år ikkje er romslegare. Igjen får det viktige husdyr- og matfylket vårt berre åtte prosent av midla i den nasjonale fordelingsnøkkelen for investeringsstøtte. Igjen er Rogaland sin pott på 95 millionar. På toppen av det heile, og til skilnad frå i år, er løyvingane frå den nasjonale potten mykje mindre. For etterspurnaden har nemleg auka i andre delar av landet.

Slik har det seg at titals rogalandsbønder nå står i kø for støtte til lausdrift. Berre åtte år før kravet om omlegging skal vera innfridd. Slik har det seg at køen av ammeku-, svine- og sauebønder med behov for modernisering av driftsapparatet strekk seg ennå lengre.

Er tanken at rogalendingane må bremsa pågangsmotet sitt? Det kan den ikkje vera. Målet er jo at sjølvforsynings­graden skal opp frå under 40 prosent til 50 innan 2030. Då lyt ein hugsa på at Rogaland står for 20 prosent av mjølka i Norge, 20 prosent av den grovfôrbaserte husdyrproduksjonen – og 30 prosent av den kraftfôrbaserte. I ei vintermørk verd, kven vågar gambla med slike volum?

Og likevel. Løyvingane for 2026 er ikkje i nærleiken av å rusta fylket for auka matproduksjon. Dei er ikkje ein gong tilstrekkelege til å oppretthalda dagens.

Ergo kan julenissen med fordel fylla ein ekstra sekk. I det minste med større nasjonale middel til lausdriftsomlegging.

Og om nissen ikkje har fått det med seg: Rogalandsbonden har vore snill og levert på samfunnsoppdraget, også i år.

Bondevennen ønskjer alle lesarar ei riktig god jul!

DEI SISTE LEIARANE:

Fagbrev nå

Fagbrev nå

Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.

Stein på stein

Stein på stein

På toppen av det nye året er det ei glede å vera vitne til oppdrifta i jordbruksnæringa. Ungdom som satsar på fjørfe, på gris og ikkje minst på mjølk.

Ta eigarskap til jorda

Ta eigarskap til jorda

Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.