Stein på stein
Bothild Å. Nordsletten
På toppen av det nye året er det ei glede å vera vitne til oppdrifta i jordbruksnæringa. Ungdom som satsar på fjørfe, på gris og ikkje minst på mjølk. Fleire tar tilbake mjølkekvota og kjøper gard, også på den opne marknaden. Hentepunkta er fleire. Mange investerer. Og Rogaland er ikkje det einaste fylke der potten hjå Innovasjon Norge er tom lenge før påske; eit tydeleg teikn på satsingsvilje – og risikovilje.
Ikkje berre er utviklinga gild. Den er også livsviktig. For verda har blitt skumlare og sjølvforsyninga må auka. Maten, og viljen og kunnskapen som krevst for å produsera den, er så avgjort del av den nasjonale tryggleiken i det me går inn i det såkalla «Totalforsvarsåret».
Nettopp fordi det står så mykje på spel, er det viktig at me støttar opp om dei beste bøndene me kan få. Ungdommeleg styrke og pågangsmot, «jærsk» drivelyst og stor drift er i så måte gull.
Men det må meir til. Skal dei som nå satsar både halda ut og trivast i næringa og med livet på garden, krevst det eit sterkt medvit om kva ein driv med. Og det trengst vakne og realistiske bankar og rådgjevarar. For vel så viktig som stor arbeidskapasitet og risikovilje, er evna til realitetsorientering, økonomistyring, tilpassing til rammevilkåra, og til å ta strategiske val.
Bønder kan både rekna og planlegga. I all oppdrifta nå er vår lille uro likevel at iveren kan gå somme over hovudet. At optimismen i eit drivande lokalmiljø, og dei mange medieoppslaga om dette, smittar så heftig at ein investerer – ikkje på grunnlag av eige ressursgrunnlag og kapasitet, men etter slik andre gjer det. Slik ein drøymer om. Slik rådgjevaren føreslår.
Å ta risiko utan grunnlag i brutalt ærlege vurderingar av alle faktorar, eige talent for driftsleiing inkludert, kan enda galt. Alle har høyrt om ein gard der det gjekk over styr, der både familie og dyr fekk lida for dårleg drift. Alle kjenner ein bonde som nok hadde hatt det betre med eit anna yrke.
Ansvaret for god drift og sindige investeringsavgjerder kviler først og fremst på bonden. Men også bankane som gir lån og Innovasjon Norge som løyver investeringsmidlar spelar ei viktig rolle når vala om investeringar og framtida på garden skal takast. Ansvaret kviler derfor tungt òg på dei, til å støtta bonden med ærlege vurderingar av realismen og gjennomføringsevna i vedkomande sitt prosjekt.
Før du gyv laust på skisser og utviklingsplanar, er det lurt å spørja: Kva vil du eigentleg? Har du kontroll på heile ressursgrunnlaget – jorda, kvota og spreiearealet?
Meininga her er ikkje å punktera gleda eller ambisjonane til dei som nett har starta opp, eller skal til å gjera det. Men me meiner det er på sin plass å oppmoda til realisme og tilpassing av framdrifta til faktiske ressursar og evner. Til å vera føre var. For bondeyrket rommar så mangt. Men når stordrifta og milliongjelda er etablert, er det lite rom for ‘etter snar’.
DEI SISTE LEIARANE:
I medvind og storm
Kva veg bles vinden? Skal me tru tall frå både Statistisk Sentralbyrå og NIBIO går det ganske bra for mange bønder. Særleg heiltidsbøndene har positiv inntektsutvikling.
Vi kan betre
I førre veke kom Statistisk Sentralbyrå sine førebelse Kostra-tal for 2025.
Lag ein grøn slagplan
Sjølv om frosten har sloppe taket, kan det isa kaldt nedover ryggen hjå hardbarka bønder. Dei siste par vekene, etter at plussgradene kom, har mange speida intenst etter grøne livsteikn i gulbrun eng.


