Klok på husdyr-bok

26. september 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

At folk flest har fått det materielt betre, iallfall i vår del av verda, er eit gode for oss som art. Og med mette magar og velstand kjem også overskotet til å diskutera både meir og mindre viktige spørsmål i tilveret. Eit av dei viktige spørsmåla handlar om husdyr og måten me røktar dei på.

Diskusjonen ligg latent heile tida. Nå og då blussar han opp. Gjerne på grunn av dyretragediar. Gjerne på grunn av kosthaldsråd- og trendar. Eller fordi meiningsmotstandarar barkar saman over kor skuldige husdyra eigentleg er i natur- og klimakrisa.

Grunnen til at diskusjon om husdyrhaldet vårt er viktig, er openberr: Husdyra er sjølve grunnlaget for kosthaldet vårt, maten, iallfall her nord. Det handlar om ressursbruk. Om landskap. Om klima og miljø. Økonomi. Busetting. Dyrevelferd. Om etikk.

Tema engasjerer veldig, og dei seinare åra har me kunna observera korleis ulike leirar kan stå langt frå kvarandre. Frå dei som med vald freistar å stoppa dyrehald, til dei som stallar opp kyr og svin som rein proteinmasse i tette tusental. Fordi det løner seg.

Og så er det dei fleste som plasserer seg langs spekteret mellom ytterpunkta.

I ei verd der folk flest ikkje lenger er bønder og der mang ein byas’ knapt har sett ei levande høne, er det gitt at diskusjonen ikkje alltid blir like faktabasert. Og utelukkande faktabasert kan diskusjonen om husdyrhald ei heller bli. Andre levande vesen vekker, og bør vekka, kjensler i oss. Og mat, ja, det er strakaste vegen til både hjarta og kulturane våre. Ergo har alle noko dei skulle ha sagt, her.

Men me må ha kunnskap. Alle som vil med, må søkja fakta. Og fakta finst.

I så måte har debatten om norsk husdyrhald nyleg fått eit verdifullt tilskot i form av boka «Husdyrene. Fundamentet i norsk matproduksjon», gitt ut på Dreyers forlag. Boka er skriven av nokre av dei fremste husdyrekspertane i landet, og er redigert av Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i AgriAnalyse.

Boka er delt inn i korte og relativt lettlesne kapittel og avsnitt. Her handlar det om nesten alt vedrørande husdyr og deira betydning for folk og land, jordbrukspolitikk inkludert. Slik kan ho tena som eit oppslagsverk på tema, frå A til Å.

Forfattarane går ikkje av vegen for å omtala vanskelege sider ved husdyrhald og animalsk kosthald. Som til dømes dødsmedvitet til dyra, eller den auka kreftfaren ved konsum av raudt kjøt. Dette høyrer med.

Boka gir trygg grunn og argument for bønder og andre som ikkje tvilar på kor viktig det er å halda – og å slakta husdyr til mat. Tilsvarande er her sikkert også skyts for dei som er overtydd på motsett side.

Uansett kor ein står i synet på norsk husdyrhald, bør boka lesast av alle som vil delta i debatten om vegen vidare. Innsikt i kor fundamentalt viktige husdyra har vore, er og vil vera for landet, kan berre betra ordskiftet.

DEI SISTE LEIARANE:

Stein på stein

Stein på stein

På toppen av det nye året er det ei glede å vera vitne til oppdrifta i jordbruksnæringa. Ungdom som satsar på fjørfe, på gris og ikkje minst på mjølk.

Julenissen, hugs Rogaland!

Julenissen, hugs Rogaland!

Rogalandsbonden kjem langt med sitt sagnomsuste pågangsmot, men han lyt òg ha pengar.

Ta eigarskap til jorda

Ta eigarskap til jorda

Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.