Knott i kasta
Bothild Å. Nordsletten
Søte seinsommarvindar har bore ein sviande gjest til lands, og med den også ein frykta virussjukdom for sau og storfe.
Blåtunge er vond og i verste fall dødeleg for sau. Plagsam for storfe. Ufarleg for menneske – men inneber mykje klatt for bønder og andre involverte. Eit husdyrglissent Dyrsku’n, avlyste mønstringar og kåringar, restriksjonar og uro er ikkje det ei alt marginalisert husdyrnæring treng.
Like fullt, etter å ha herja på kontinentet, flaug altså sviknotten, som ber med seg blåtungeviruset, over til både Storbritannia og Noreg i august, og til Sverige i september.
På kontinentet er blåtunge ein såkalla liste-3 sjukdom. Der har ein for lengst gitt opp å stogga smitteberaren, som sjølvsagt gir eit kjapt vengjeslag i politiske landegrenser. I Noreg derimot, i ly bak Skagerak, er blåtunge plassert i den mest alvorlege kategorien, ein såkalla liste 1-sjukdom. I same kategori finn me mellom andre afrikansk svinepest, fugleinfluensa og Ebola. Liste 1-sjukdommar blir vurdert som svært alvorlege. Dei er meldepliktige, og utbrot medfører omfattande mottiltak.
I skrivande stund har sviknotten sett sitt blåmerke i Agder, der 26 besetningar – 21 på sau, fem på storfe – har fått påvist smitte, samt i to besetningar sør i Rogaland. Ennå fleire besetningar i dei same fylka, samt i Akershus og Buskerud, ventar på prøvesvara som vil avklara mistanken om smitte. Prøvesvar frå tankmjølk skal bidra til å avdekke kor langt smitta har kome i landet.
På den positive sida, så minkar knotten sine utsikter til å oppformeira og spreia blåtungevirus for kvar kjølegare dag. Undervegs vurderer ei samla næring tiltak. For sjølv om vinteren tar knotten og viruset i den, kan smitta framleis spreia seg med sæd, frå vêr til søye, og ikkje minst frå ku til ufødd kalv.
Rådet er derfor å ta inn avlsdyr, i ly for knotten som ennå finst. Å følgja godt med på drektige kyr og kviger. Å ikkje selja eller flytta dyr utan å følgja Mattilsynet og næringa sine krav og tilrådingar. Og å sjå til at avlsvêrane er i form nå når dei snart skal i elden. Me oppmodar alle om å følgja desse enkle og viktige råda for å avgrensa ytterlegare liding og tap i månadane som kjem.
Det er 15 år sidan blåtunge sist vart påvist i Noreg. Sidan dess har me vore råka av fleire ulike sjukdomsutbrot på både dyr og planter. Nå er blåtunge her igjen, og veterinærane seier me må forventa nye utbrot i åra som kjem.
Pågåande smitte er såleis ei sur påminning om den risikoen me må leva med i ei verd der me sjølve pustar til vindar som blir alt varmare, våtare og meir lunefulle.
Det er òg ei skarp åtvaring til dei som trur me vinn på å kutte i veterinær-, eller rådgjevingskapasiteten.
Og ikkje minst: Måten næringa verkar å ha handsama utbrotet på så langt – effektivt og med tett dialog mellom aktørane – er eit prov på verdien av god beredskap.
Me kan ikkje stogga vindane, men me kan og må bu oss på at dei kjem til å blåsa hardare.
DEI SISTE LEIARANE:
Ein klok pause
Norsk melkeråvare melde i førre veke at dei set bruken av det metanhemmande middelet Bovaer på vent. Pausen kjem i påvente av meir kunnskap om kva som har gitt negative følgjer i enkelte besetningar i Danmark.
Den største oppgåva
Eg vil gi garden min vidare i betre stand enn då eg sjølv fekk han, seier bonden. Han er ikkje aleine om denne leveregelen. Dei fleste andre ønskjer òg å etterlata seg noko betre.
Rundballen
O Rundballe,
du kvite, tunge kladd i åkerlandet
Traktor-egg, siloball, i stabel eller rekke eller som einsam, nattlysande måne
Ein junikveld, nylagte egg spreidde over heile den vide enga før bonden
varsamt samlar dykk i reiret sitt


