Rundballen

24. oktober 2025 | Leiarar

O Rundballe,
du kvite, tunge kladd i åkerlandet
Traktor-egg, siloball, i stabel eller rekke eller som einsam, nattlysande måne
Ein junikveld, nylagte egg spreidde over heile den vide enga før bonden
varsamt samlar dykk i reiret sitt

Ein januardag brutalt punktert av rundeballespidd, avkledd og dumpa
blant oksar som riv deg i filler, men du gliser og veit at brørne og
søstrene er mange og vil bli fleire så lenge gras veks, så lenge rundballe-
pressene dunkar og summar og pakkar og opnar seg og verp og lukkar
seg og opnar seg

O Rundballe,
du som gjer dei høge siloane overflødige, dei ein gong så potente
gardsbruk-fallosane, dei som drap bønder med giftgass og fall frå store
høgder. No kan ein banke på siloane og det kling tomheit, ein kan rope
i dei og det kling tomheit

I deg, O Rundballe, pressar tusen kilo rått fôr mot den tynne plastfilmen
og vil ut og skape kjøt og mjølk. Fugl ut av egg, blad ut av knopp,
Menneske ut av skap, den pinte ut av helveteselden, seigt fôr ut av plast-
film og inn i kumage, sauevom, inn i ein rytme av drøvtygg og fødsel og
slaktebil og kjøtdiskar og mjølkekartongar

Det ein gong frie vindvaiande graset, no som fermentert eng med
enteriobakteriar, mjølkesyrebakteriar, smørsyrebakteriar, ammoniakk,
listeriabakteriar, clostridiesporer, gjærsopp og eddiksyre. Ein kjemisk
festival med Landbruksbanken og Felleskjøpet som hovudsponsor
Rundballane renn frå landbrukets eggstokkar

O, Rundballe

Sigmund Løvåsen frå diktsamlinga
«Med øksene dei haustar inn», Samlaget, 2018


DEI SISTE LEIARANE:

Julenissen, hugs Rogaland!

Julenissen, hugs Rogaland!

Rogalandsbonden kjem langt med sitt sagnomsuste pågangsmot, men han lyt òg ha pengar.

Ta eigarskap til jorda

Ta eigarskap til jorda

Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.

Ein klok pause

Ein klok pause

Norsk melkeråvare melde i førre veke at dei set bruken av det metanhemmande middelet Bovaer på vent. Pausen kjem i påvente av meir kunnskap om kva som har gitt negative følgjer i enkelte besetningar i Danmark.