Størst av alt er viljen

23. oktober 2026 | Leiarar

Jofrid Åsland Gilje

Høg gjennomsnittsalder, få damer og utfordringar med rekruttering til bondeyrket har lenge vore tema for diskusjon. Statistisk sentralbyrå melder om stadig færre gardsbruk. Ifølge statistikken har vi dei siste ti åra lagt ned eitt til to gardsbruk kvar dag. Likevel kan det sjå ut til at biletet ikkje er så dystert som først frykta.

Er trenden i ferd med å snu?  Det er nok vel optimistisk å konkludere med at botn er nådd, og at me er på veg opp att. Likevel melder tilsette ved fleire av landbrukskontora i kommunane om stor investeringsvilje og stadig fleire unge som overtek gardsbruk. Det er sjølvsagt stort sett positivt.

Investeringsboomen er så stor i Rogaland at prioriteringane for investeringsstøtte er skjerpa. Innovasjon Norge har fått fleire søknader enn venta. Dermed vil nye prosjekt i større grad bli vurdert etter kriteria: økonomi, gjeld, distrikt, eige ressursgrunnlag og risiko. Me skal ikkje lukke auga for risikoen.

Bøndene investerer mange millionar, og tek stor personleg risiko. Det kan vere lettare å kaste seg på bølga av investeringsoptimisme når mange andre gjer det. Det er avgjerande for å lukkast at bonden kan få til ei lønsam drift. Då er det viktig at biletet ikkje er kunstig positivt. Å drive ein gard krev kunnskap om både drift, økonomi og maskinar. Draumen må vere basert på realistiske driftsplanar.

Denne veka møter du Bjørg Risa i podcasten vår. Ho har ansvaret for å bygge opp ein gard som i dag står utan drift. Ved hjelp av eigen innsats og gode hjelparar skal ho først starte opp med SPF-gris. I reportasjen fortel Ingunn Oma om korleis ombygging av fjøset har gitt betre dyrevelferd og resultat. At to damer fortel om si satsing i landbruket, er ikkje spesielt, men historiene deira er i aller høgaste grad inspirerande, nytenkjande og nyttige.

Me veit at det er avgjerande med fleire unge som vil satse på landbruket. Dei tek med seg nye perspektiv og løysingar inn i næringa. Investeringsviljen i landbruket er for mange meir basert på eit ønske om ein livsstil som bonde enn draumen om å bli rik på pengar. Men drifta må også vere lønsam om livet skal vere leveleg. Her har kvar einskild bonde ansvar for å ikkje investere over evne, og så veit me at med stor arbeidsvilje og interesse kan mykje gå godt.

DEI SISTE LEIARANE:

Ikkje la mørket ta over

Ikkje la mørket ta over

Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia.

Alt for Norge

Alt for Norge

Valspråket til kongen er vakkert og stort. Slik det høver seg for ein konge. Kong Harald er død, og media har knapt skrive om anna. Det er sjeldan konge­huset figurerer i fagbladet Bondevennen sine spalter, men det har hendt.

Snart brenn det skikkeleg på dass

Snart brenn det skikkeleg på dass

Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.