Snart brenn det skikkeleg på dass
Jofrid Åsland Gilje
Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.
Mange møtte og sa si meining under det opne møtet på Finnøy i regi av Statsforvaltaren sist veke, og det vart eit møte med temperatur. Fleire av bøndene var tydeleg både frustrerte og rasande. Driftsgrunnlaget er trua. For bøndene er det synonymt med framtida.
Leiaren av Finnøy Bondelag, Erik Østebø, har heva røysta i debatten. Det gjer inntrykk å høyre han kalle oppheving av spreieareal for styrt nedlegging frå staten. «Vil me ha mat på bordet, eller vil me ha ein blomst i skogen?» spør han med dirrande røyst.
Statsforvaltaren har beklaga seg for å ha kome skeivt ut med bøndene i handteringa av saka. Mediestormen som kom i kjølvatnet av varsel om oppheving av spreieareal har framleis ikkje stilna. No vil Statsforvaltaren sjå nærare på kartlegginga som ligg til grunn for varselet, og vurdere korleis dei kan handheve regelverket slik at det ikkje får så store konsekvensar for einskilde bønder. Her er konklusjonen avgjerande for framtida til mange bønder, og må komme så raskt som mogleg. Å vente i uvisse fører sjeldan til framtidstru og motivasjon.
I eit lesarbrev spør landbruksdirektøren: «Er Rogaland klar til å møte innstrammingane i gjødselbrukforskrifta? Nei, er mi vurdering ut frå sommarens trykk i media i spreiearealsaka.» Monica Dahlmo poengterer med rette at allereie neste år skal nær eitt tonn husdyrgjødsel per dekar bort frå det fulldyrka arealet. Bodskapen gjentok ho under møtet på Finnøy.
Det er ingen tvil om at prosessen med å kutte eitt tonn gjødsel blir tøff for mange bønder. Likevel er det ikkje det som uroar bøndene på Finnøy mest akkurat nå. Bøndene vil ha svar på om kartlegginga som fører til oppheving av spreieareal er korrekt. Og kva med bøndene på Karmøy som allereie har fått oppheva spreieareal?
Både leiaren av bondelaget og småbrukarlaget i Rogaland tek til orde for ein skikkeleg debatt kring rammene rundt norsk matproduksjon. Løysinga ligg ikkje i å hetse ein statsforvaltar som handhevar regelverk frå høgare makter. Her bør alle jobbe i samla tropp, og det litt brennkvikt.
Neste års køyring av lort kjem fort. Er det skjøtselsplanar eller biogassanlegg som skal redde dyretette Rogaland frå overskot av drit? Begge alternativa vil ta tid å få på plass. I denne planlegginga er det svært praktisk for bøndene å vite kor mykje spreieareal dei faktisk har til neste år.
DEI SISTE LEIARANE:
Ikkje la mørket ta over
Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia.
Alt for Norge
Valspråket til kongen er vakkert og stort. Slik det høver seg for ein konge. Kong Harald er død, og media har knapt skrive om anna. Det er sjeldan kongehuset figurerer i fagbladet Bondevennen sine spalter, men det har hendt.
Mangel på respekt og bondevett
Naturbeitemark blei ordet me seint vil gløyme frå sommaren 2026. I starten av juli skreiv Bondevennen om Gro Sevheim, som fekk eit varsel om oppheving av spreieareal frå Statsforvaltaren midt i ferietida. Bonden samanliknar varselet med eit slag i trynet.















