Teknologien gir – og krev ei offergåve

15. mai 2026 | Leiarar

 Jofrid Åsland Gilje

Den teknologiske ferda til landbruket er imponerande, men også kostbar på fleire vis. Frå 1800-talet med fjord- og fjellbruk på Sørvestlandet, har bøndene gjennom generasjonar gjort store investeringar i teknologi.

På vegen mot eit effektivt landbruk har mykje kunnskap gått tapt. Ta til dømes traktoren med plogen som makker – kva ville landbruket på Jæren vore utan denne duoen? Det er lett å gløyme at dette ein gong var ein banebrytande innovasjon. Det norske landbruket har tatt store og raske sjumilssteg gjennom eit par hundre år. Her i sørvest kom mjølkerobotar og andre smarte løysingar tidleg inn i fjøset.

Kunnskap om arbeidshesten og handmjølking av kyr er nok ikkje eit stort sakn. Traktoren sine hestekrefter har gjort upløgd jord til fruktbar eng og skåna mang ein bonde for slitasjeskader. Samstundes har me også flatpakka jordlaga og frigitt store mengder karbondioksid.

I dag møter bonden stadig nye krav til dokumentasjon av berekraft, utslepp og dyrehelse. Det finst mange smarte løysingar som kan hjelpe – og her må gevinsten finnast. I denne utgåva av Bondevennen kan du lese om både teknologioptimistar og beredskap. Alle søk­jer dei tryggleik. Dei vil sikre at folket får mat og at bonden kan produsere maten på best mogleg vis.

Det er avgjerande at bonden tek i bruk teknologi som gir gevinst både økonomisk og for arbeidskvardagen. Aldri teknologi for teknologien sin del, men for nytta. Truleg er ikkje den smartaste løysinga oppfunnen enno.

Noreg ligg langt bak nabolanda når det gjeld innovasjon, særleg når det kjem til å skape nye produkt til marknaden. Det beste er om dei smarte løysingane for framtida kjem frå bøndene. Bonden Martin Moi har vore med å utvikle ei ny lessevogn. Britt Lilly Hylland tek med seg mjølkeroboten på sommarbeite. Les om dei i dette nummeret av Bondevennen.

Nyvinningar må ta utgangspunkt i bøndene og samfunnet sine behov – ikkje teknologiselskapa sitt ønske om profitt. Berre slik kan offergåvene teknologien krev forsvarast med auka utbytte.

DEI SISTE LEIARANE:

Ikkje la mørket ta over

Ikkje la mørket ta over

Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia.

Alt for Norge

Alt for Norge

Valspråket til kongen er vakkert og stort. Slik det høver seg for ein konge. Kong Harald er død, og media har knapt skrive om anna. Det er sjeldan konge­huset figurerer i fagbladet Bondevennen sine spalter, men det har hendt.

Snart brenn det skikkeleg på dass

Snart brenn det skikkeleg på dass

Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.