Til heis utan frykt

28. juni 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Nå opnar heia seg for den årvisse rørsla av fe og folk på veg opp til sommarbeite. Me håpar sesongen blir god. Samstundes må me åtvara om at det nå er grunn til å vera ekstra på vakt.

Vandringa er først og fremst matnyttig. Sau og lam skal i utmarka for å bli feite på grøda høgt over havet, medan heimebøane blir fôr til vinteren.

Men forflyttinga er meir enn mat. Den er òg sveipt i rik tradisjon, kultur – og aldri så lite magi. Vel har firehjulstrekkarar, walkietalkie’ar og dronar gjort ferda meir effektiv, men ‘heiaføring’ er og blir namnet på eit rikt og tidlaust eventyr. Det er eit eventyr der røynde fjellfolk, heile bondefamiliar, dyr og landskap går opp i eit meiningsfullt og tett samhandlande heile. Det er ein arv der livsviktig kunnskap blir formidla vidare i alt frå ordrar og fløyte­blås til fjellvande rørsler og blikk.

Spanjolane røktar same tradisjon. Dei kallar den ‘transhumance’, som frå latin tyder ‘å kryssa jorda’. Ikkje mindre. Dei livgjevande krøtterstiane deira er dessutan æra med juridisk vern.

Vern, som i tryggleik, er diverre ikkje det som kjenneteiknar førebuingane til mange av bøndene på Agder og i Rogaland som er i ferd med å ta smalen til heis. Ynglande jerv er nemleg påvist i Langfjella frå Hovden i nord til Valle og Bykle i sør. Og jerv, ikkje minst med kvalpar som skal lærast opp til å klara seg aleine, et mykje. Dei drep mykje. Fleire sau enn noko anna rovvilt i landet.

Forvaltingsplanen for rovdyrregion 2, der Telemark og Aust-Agder inngår, stadfestar at det ikkje skal etablerast ynglingar i regionen og at terskelen skal vera låg, også utanom beitesesongen, for å skyta ut slike. Statens naturoppsyn SNO påviste ynglingane alt i mars i fjor. Miljødirektoratet har ansvaret for rovviltforvaltinga. Ein kan saktens undrast over kvifor ikkje meir er gjort for å ta ned den risikoen saue­næringa nå med rette kjenner.

Heiaføring er både stas og klok ressursutnytting. Me skulle hatt fleire dyr på lyngen. Før me veit ordet av det kan naudsynet som fødde denne tradisjonen igjen få forsterka relevans. Heldigvis finst dei som forvaltar kunnskapen om korleis.

Heiafolket fortener visse om at alt som kan gjerast blir gjort for å halda beita frie for rovdyr som er vedtatt uønskte.

Bondevennen ønskjer folk og fe ein god og fredeleg sommar.

DEI SISTE LEIARANE:

Rydd opp i målkonfliktane

Rydd opp i målkonfliktane

Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.

Riktig å reforhandla

Riktig å reforhandla

Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030.

Fagbrev nå

Fagbrev nå

Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.