Til pumpene

15. november 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

– Det er alfa og omega at vi klarer å dekke etterspørselen med norsk mjølk.
Noko anna ville vere ei fallitterklæring.

Bonde i Gloppen, Per Jarle Myklebust til NRK 6. november 2024

Folket vil ha meir kumjølk. Heile 50 millionar liter meir til neste år, ifølgje Tine. Det er veldig mykje, og det er veldig gildt.

Tine tilrår eit forholdstal på 1,17. Alle som vil og kan bør gripa dette høvet til å auka produksjonen. Aldri i nyare tid har forholda lege betre til rette for bønder som vil mjølka. Aldri har literprisen vore så høg.

Med dette opnast også rom for unge som vil inn i næringa. Her er pengar å tena, bondedraumar å leva – og eit reelt og meiningsfullt samfunnsbehov å stetta.

Rakt fram er det sjølvsagt ikkje. Skal dei ivrige og nye sleppa til, må dei som sit på gardar, jord og kvotar som dei sjølve ikkje driv, selja unna. Ei heller er det utan risiko å auka produksjonen, etablera seg eller å bygga nytt. Varer Cottage cheese-suget lenge nok til at lausdriftsomlegging løner seg? Kan og vil bonden ‘gønna på’ til denne mjølkeprisen? Korleis blir avlingane neste sesong? Har me spreieareal til ekstra gjødsel?

Desse er alle relevante spørsmål som må med i planane til den einskilde bonden.

På det meir overordna politiske planet er det ikkje mindre enn lagnaden til kvotesystemet som ligg i potten. Mange gledde seg over frisleppet 1.juni i år. Eit nytt fri­slepp også neste år, dersom bøndene ikkje maktar eller ser syn på å fylla forholdstalet, kan bli det «provet» som ein ny landbruksminister treng for å erklæra heile kvotesystemet for ikkje-fungerande. Og mogent for skraphaugen. Neste år er det stortingsval. I skrivande stund er Frp og Høgre landets største parti.

Jau, då. Horisonten er uklår. Strukturrasjonaliseringa går sin gang. Men folket tørstar etter mjølk. Bøndene bør gripa dagen og syta for at dei får norsk vare.

DEI SISTE LEIARANE:

Stein på stein

Stein på stein

På toppen av det nye året er det ei glede å vera vitne til oppdrifta i jordbruksnæringa. Ungdom som satsar på fjørfe, på gris og ikkje minst på mjølk.

Julenissen, hugs Rogaland!

Julenissen, hugs Rogaland!

Rogalandsbonden kjem langt med sitt sagnomsuste pågangsmot, men han lyt òg ha pengar.

Ta eigarskap til jorda

Ta eigarskap til jorda

Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.