Til seters!

29. august 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Det er ikkje av mangel på variert stoff at Bondevennen set på trykk ikkje berre éin, men to reportasjar frå fjellet denne veka.

Ei heller gjer me det av haustleg nostalgi etter juni, juli og farne tider.

Visst er det, som du vil sjå, flott der oppe. Gamle sel i grøne lier, harmoniske beitedyr og sommarfriske  budeier er sjølve postkortet på norsk idyll. Send opp nokre kinnande ungar i tillegg, og det heile framstår nesten som ein draum. Vakkert, og i røynda urealistisk?

Eller? For kva er eigentleg røynda, om ikkje noko mennesket må tilpassa seg, og dermed også er med på å skapa?

Behovet for å nytta kvar minste grastust via husdyra til eigen matauk var det som opphaveleg førte oss med buskapane til sommarfjellet. På det meste vart det mjølka, kinna og ysta på over 100 000 stølar her til lands.

Den årvisse migrasjonen var livsviktig. Setring var mattryggleik. Utan ville dei før oss svolte.

I tillegg, sjølv etter alt slitet der oppe, ga setringa oss kultur: Eventyr og bilete me ennå fortel for å seia noko om «oss». Førestillingar om fjellheimen som ein stad som set oss fri.

Folk før i tida kunne noko om mattryggleik som me i vår overflod har tillate oss å gløyma. Tida er inne for å hugsa, og for å ta til oss det som ennå finst av overlevert kunnskap om ressursforvalting og matauk i fjellet. Kven veit kva kunnskap me vil trenga i framtida?

For tider kan koma då beitedyr på grønnsaksjord og importert kraftfôr kan visa seg å ikkje å vera det smartaste. Sjølv om det er slik me i nokre tiår har hatt råd til å effektivisera og sentralisera produksjonen med.

Derfor desse to reportasjane. Fordi fortida ikkje er utdatert. Fordi setring ikkje er avleggs. Tvert om. Det som var, og det som nokre få eldsjeler ennå held levande, er klokskap me treng i møte med røynda som kan bli.

DEI SISTE LEIARANE:

Rydd opp i målkonfliktane

Rydd opp i målkonfliktane

Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.

Riktig å reforhandla

Riktig å reforhandla

Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030.

Fagbrev nå

Fagbrev nå

Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.