Ung bølgje

15. august 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Det blir fleire unge bønder i Noreg. Frå 2020 til 2024 auka talet på dei under 40 år frå 17 til 22 prosent av alle bønder i landet, ifølge Nibio og SSB.

I reine tal tyder det at blant Noregs snautt 37.000 bønder er 7658 relativt unge.

Kva skjer? Er forynginga eit forbigåande fenomen, eller er dette den etterlengta starten på slutten for forgubbinga av jordbruket? Det er for tidleg å svara på det. Her har forskarane ein jobb å gjera. Men uansett er det grunn til å gleda seg. For skal næringa ha kraft til å fornya seg, skal me ha den minste sjanse til å nå målet om å auka graden av sjølvfor­syning, er nye og motiverte bønder alfa og omega.

Alt sist sommar skreiv Bondevennen om korleis Tine hadde fått 57 nye hente­punkt. Det er nemleg mjølka som i hovudsak trekk ferskingane til næringa. Denne sommaren har fleire media tatt turen ut til unge matprodusentar og skrive om at «noko skjer» i næringa.

– Det er faktisk blitt populært å bli bonde, seier Selmer Wathne til Stavanger Aftenblad.

26-åringen tok over heimebruket i Sandnes for tre år sidan, kor han starta opp att med mjølk.

Og Wathne har truleg rett. Bondeyrket ser ut til å oppleva eit velfortent omdøme­-oppsving. Kva grunnen er, har me ikkje sikre data på ennå, men den raudgrøne regjeringa, godt hjelpte av Bondeopp­røret, ser ut til å ha gjort noko rett. Mange bønder har opplevd eit inntektsløft. Betre lønsemd er ein svært viktig motivasjon til å satsa vidare. Og når nokon først satsar, følgjer gjerne andre etter.

Ein annan grunn som ser ut til å trekka dei unge til gards, er det nye alvoret i verda. I ei tid med klimakrise, pandemi, krigar og veksande merksemd om beredskap, gir det meining å produsera mat.

Meining – og dermed kanskje også høgare status.

I så måte er det befriande å sjå kor stolt og sjølvsagt yngre bønder deler glimt frå eigen kvardag med titusenvis av følgjarar på sosiale media. Her er inga lua-i-handa-haldning overfor omverda, men verdifull innsikt i korleis maten blir til, formidla på eit språk andre unge forstår.

Vonleg vekker «fjøs-influensarane» bondedraumen i fleire.

Det er nemleg kritisk at ennå fleire unge ønskjer å produsera mat. Dessverre er det ikkje gitt at så skjer. Gardsned­leggingane held fram, og lønsemda jamt over er ennå ikkje god nok. Og sjølv om ungdommeleg pågangsmot er supert, er det ikkje tilstrekkeleg for å aksla risi­koen det også inneber å rusta ein gard for framtida. Mest av alt treng dagens og morgondagens bønder føreseielege rammer, kloke tilskotsordningar, og velferdsordningar som gir rom for eit moderne familieliv.

Korleis sikrar me at den ungdommelege bølgja held fram? I september er det stortingsval. Sjølv om alle partia «heier på bonden», veit me at jordbrukspoli­tikken deira vil kunne slå ganske ulikt ut for rekrutteringa til næringa. Lat den erkjenninga vega med i valet du skal ta, og stem på det partiet som gjer at også barnebarnet ditt vil gle seg til å ta over garden.

DEI SISTE LEIARANE:

Stein på stein

Stein på stein

På toppen av det nye året er det ei glede å vera vitne til oppdrifta i jordbruksnæringa. Ungdom som satsar på fjørfe, på gris og ikkje minst på mjølk.

Julenissen, hugs Rogaland!

Julenissen, hugs Rogaland!

Rogalandsbonden kjem langt med sitt sagnomsuste pågangsmot, men han lyt òg ha pengar.

Ta eigarskap til jorda

Ta eigarskap til jorda

Halve den norske jordbruksjorda er nå leigd, ikkje eigd. Den jorda som ikkje er eigd av dei som driv henne sjølv har auka jamt og trutt over dei siste tiåra. SSB har sett på tala, som er omtalt av avisa Nationen.