Vedlikehald i ville tider

10. oktober 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Eigentleg er det ganske vilt å arrangera ei landbruksmesse av Agrovisjon sitt kaliber i 2025. Verda er ein endå skumlare plass enn sist gong kjempearrangementet gjekk av stabelen i Stavanger i 2022. Krig, klimakrise, KI og statsleiarar med ko-ko-tendensar pregar kvardagen vår nå. Skal me vera ærlege, så ser det noko illevarslande ut.

Når Agrovisjon like fullt blir avvikla 30. oktober til 1.november, så er det fordi matfylket Rogaland ikkje bøyer av så lett, og fordi landbruksnæringa i Noreg opplever tolig greie dagar. Trass i alt.

Særleg gledeleg denne hausten er nyheita om at gjennomsnittsalderen på norske bønder går ned – at det blir fleire yngre matprodusentar. Når det i tillegg ryktast at bondeyrket igjen blir oppfatta som kult, er det rett og slett lov å håpa på betre tider.

Ein tredje grunn for å skipa ei stor landbruksmesse nå er den evige kjensgjerninga at alle et og må eta. Folk og fe. I gode så vel som i mindre gode år. Mat må me ha.

Så banalt. Så livsviktig.

Og skal me produsera mat på ein måte som gir både volum, økonomisk meining og minst mogleg fotavtrykk på jord og natur, ja, så treng me maskinar.

Dei vil du finna i mengder blant Agrovisjon sine mange utstillarar. Dei velprøvde doningane, så vel som dei spanande nyvinningane. Det er berre å gleda seg!

I den travle kvardagen så vel som blant mek’en i messemylderet, er det samstundes viktig å ikkje miste kvarandre av syne. Andre menneske. Det er vi og banda mellom oss, ikkje maskinane, som gir den verkelege meininga og gleda. Det er også i møtet mellom folk at nye idear oppstår, fordommar kan brytast ned, og kunnskap utvikla seg.

I så måte har dei skapande banda mellom menneske noko til felles med maskinane. Dei må både haldast ved like og utviklast for ikkje å gå sundt. Dette gjeld under normale forhold, men ikkje minst i ville tider, slik dei me står i nå.

Me gler oss til å sjå deg på Agrovisjon!

DEI SISTE LEIARANE:

Rydd opp i målkonfliktane

Rydd opp i målkonfliktane

Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.

Riktig å reforhandla

Riktig å reforhandla

Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030.

Fagbrev nå

Fagbrev nå

Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.