Vi kan betre
Bothild Å. Nordsletten
I førre veke kom Statistisk Sentralbyrå sine førebelse Kostra-tal for 2025.
Tala gir oversikt over kva landets kommunar driv med. Mellom anna korleis dei forvaltar areala. Er du opptatt av jordbruk og av beredskap, bør du følgja med.
Dei gode nyheitene først: Kostra-tala viser at den totale øydelegginga av dyrka jord i fjor for første gong kom under den nasjonale nedbyggingskvoten. Kvoten, ofte kalla «jordvernmålet», inneber at jordøydinga skal ned på maksimalt 2000 mål årleg innan 2030.
I 2025 bygde vi ned 1763 mål dyrka jord. Gratulerer.
Så til det større biletet. For tar vi med også dyrkbar jord, øydela kommunane heile 4068 mål.
Eit land med berre tre prosent matjord må ta sitt eige livsgrunnlag meir på alvor enn dette.
I så måte er det verdt å minna om den solide verktøykassa vi faktisk har for vern av jord. Nedbyggingskvota er nemnd. Så har vi jordlova. Sjølvforsyningsmålet. Paris-avtala. Naturavtala. Klimalov og tidfesta sjølvforsyningsmål. Paragraf 112 i grunnlova, den som forpliktar staten til å forvalta naturressursane slik at også etterslekta sin rett til ein produktiv og mangfaldig natur er sikra. Vi har òg kunnskapen og vitskapen om kor viktig matjorda er.
Og trass i alt dette: Argumenta for «vekst» og «utvikling» trumfar nesten alltid omsynet til jorda.
Så kva nå? Når verktøykassa ikkje verkar. Når nederlag er regelen, og vernet er unnataket. Skal ein gi opp?
Kanskje. Titusenar’ av nye mål matjord ligg jo alt i planane for meir asfalt og betong. Å forsvara jorda kostar. Ikkje rart nokon ikkje orkar meir.
Eit alternativ til resignasjon er likevel, så merkeleg det kan høyrast ut, å våga å stå i kjensla av tap ei stund. Kvifor? Fordi erkjenninga av å ha mislukkast skjerpar forståinga av alvoret.
Slik kan erkjenninga av tap faktisk vera viktig for korleis vi tar jordvernet vidare.
For vidare må vi. Dei tre prosentane matjord er alt vi og dei etter oss har. Å gi opp er det same som å godta at framtida blir skapt utan oss. Og kven vil gå rundt som ei unnlatingssynd?
Verktøya for vern av jorda blir verande dei same. Kan hende blir det i tillegg innført ein kvadratmeterpris for nedbygging. Kan hende vil vi få jordvern-søksmål, etter mal av klimasøksmåla. I verste fall må det ei krise med matmangel til for at vi igjen forstår verdien av mold.
Når jordvernet likevel vil mislukkast igjen, ligg meininga i å halda ut her: Å trenera prosessen. Farten som jordøydinga får skje i har nemleg noko å seia. For di meir jordvernet kan vera sand i vekstmaskineriet, di meir tid vinn vi til å bygga nye forteljingar om kva vekst og utvikling kan vera.
Tenk om vi klarar å skåna Kalberg , Helleland, Stokka, Vagle, Ree, og Svertingstad i fem år til?
På den tida kan me klara å overtyda fleire om kor avgjerande det er at desse og alle andre livgjevande landskap er intakte også om 10 år, 50 år – og ennå lengre.
DEI SISTE LEIARANE:
Rydd opp i målkonfliktane
Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.
Riktig å reforhandla
Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030.
Fagbrev nå
Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.
