PORTRETT

Torger blir avlsrådgivar

28. desember 2020 | Portrett

Skifter jobb: Torger Nærland får nye bønder å besøka etter nyttår.

Torger Nærland har fått ny jobb. Etter snautt 25 år som inseminør på Nærbø, skal han bli avlsrådgivar i Tine.

Jane Brit Sande

Det var tilfeldigheiter som gjorde at nettopp Torger skulle bli Nærbø-bøndene sin trufaste Geno-inseminør.

– Etter militæret hadde eg eit vikariat som produsentrådgivar i Tine. Men etter tre år såg det ikkje ut til at det ville bli fornya igjen. Då søkte eg på ei utlyst stilling som inseminør i Geno. Berre dagar før kontrakten med Tine gjekk ut, fekk eg tilbod om stillinga, seier Torger.

Odelsgut

Han er odelsguten som ikkje vart bonde. Frivillig, og litt tilfeldig det også.

– Eg er nok meir ein dyre-mann enn ein teknikar, seier han om valet om å la broren ta over familiegarden på Torland på Jæren.

– Etter at eg hadde vore inseminør ei stund, kjende eg at eg likte meg best ute blant folk. Bror min likte seg godt heime på garden, og var mykje med far i arbeidet. Då far vart sjuk, måtte eg ta eit val. Eg ser jo no at dette var den beste løysinga for oss, seier Torger.

Fjøslukt har det blitt i kleda likevel. I snautt 25 år har han reist frå gard til gard. Nærbø og omegn har vore hans faste område sidan første dagen i oppdrag for Geno.

– Eg har aldri grua meg til å gå på arbeid. Det har vore ein stabil og gild arbeidsplass, seier Torger.

– Det er sjølvsagt med vemod at eg gir slepp på jobben i Geno, men samstundes gler eg meg til nye utfordringar i Tine, seier han.

Jæren i endring

Det har skjedd mykje på Jæren sidan Torger starta som inseminør.

– I starten var det helst berre båsfjøs på gardane, og det var langt mellom smitteslusene. Det var rett inn og rett ut av fjøsa, seier han. Ofte var det berre ei eller to kyr per fjøs som skulle inseminerast. Det har også endra seg.

– No er det fleire dyr per besøk, og fleire bønder vil også ha drektigheitskontroll på kyrne. Særleg der det er mjølkerobot, seier Torger.

– I grunn oppmodar eg alle bønder til å ha drektigheitskontroll. Det gir god oversikt. Brunstmålaren som er i mange mjølkerobotar kan i tillegg slå ut på dei drektige dyra, seier Torger.

Lausdriftsfjøsa har blitt fleire, bøndene færre, og investeringane større.

– Mange har investert store summar i flotte fjøs. Det er mykje som står på spel, seier Torger.

Bøndene krev meir, og det krevjast meir av dei, seier inseminøren.

– Eg ser også ein meir sjølvstendig arbeidsstil, og eit anna omsyn til dyra. Før var det meir jaging på dyr. No skal dyra heller lokkast.

Ein til tre bønder

Inseminøren erfarer at det typisk er mellom éin og tre bønder på ruta som gir seg kvart år. No er det mellom 70 og 80 bønder att i Nærbø og omegn.

– Årsakene som går igjen er at det ikkje er nokon til å ta over, eller at det er naudsynt med store investeringar for å halda fram med mjølkeproduksjonen. Men kvoten blir ofte verande i området, seier Torger.

Analysen hans kan kanskje vere litt mørk. Men han meiner det er ei ny endring i sikte.

– Me merker at det er ein oppsving i talet på oppdrag. Tru om det kan vere eit teikn på optimisme i mjølkeproduksjonen? Det er viktig for næringa, og kjekt for oss som er del av den. Eg vonar at det varer, seier Torger.

 Den viktige samtalen

Torger seier at han ofte treff bøndene i fjøsa.

– Eg har ein god treffprosent, slik sett, og gjer så godt eg kan for å legga til rette for det, seier han.

– Det er kjekt å snakka med bøndene. Har dei oppnådd noko, vil dei gjerne fortelje. Det er gildt, seier Torger.

Med tida har inseminøren fått godt innblikk i liva til bøndene.

– Eg har kome borti mange ulike situasjonar. Ikkje alle har store nettverk dei kan dra nytte av når livet buttar mot. Då er det viktig å spørje etter, seier Torger.

– Ofte veit eg kva dei treng at eg spør om. Det kan vere sjukdom, drift, og psyke. Dei er heilt vanlege folk. Nokon har stort behov for å snakka, andre ikkje. Det viktigaste er å spørje, seier han.

Annleis besøk

I sin nye jobb som avlsrådgivar blir besøka hjå bøndene annleis.

– No er eg gjerne i same fjøset tre gonger i veka, og besøket er kjapt. Som avlsrådgivar blir det gjerne tre gonger i året, men samtalane og besøka vil vere lange, seier Torger.

Han vil framleis få besøka nokon av gardane på Nærbø.

– Det blir veldig kjekt å halda fram med nokon av ‘mine’ bønder. Samstundes blir det spanande med nye stader, folk og besetningar, seier Torger. Opplæringa har allereie starta.

Torger har fått vere med på kåring, og etter nyttår er det ny kvardag med nye rutinar.

– Eg får berre hoppa i det. Det går nok godt. Eg ser fram til å bli avlsrådgivar. Og familien min ser fram til at eg skal ha fri i helgene.