«Å få kjøpe ein
gard med kvote
trigga meg ekstra.»
Magnus Bø

 

.

«Å få kjøpe ein
gard med kvote
trigga meg ekstra.»
Magnus Bø

Satsar i motvind: Magnus Bø vil prøve å leve av å produsere mjølk med liten kvote. Skal han lukkast må han spele på det han har og halde investeringskostnadane nede. Og gjere jobben sjølv.

Bonde mot mjølkestraumen

25. august 2024 | Reportasjar

Tankbilen til Tine har fått eit nytt stopp på Kolnes i Sola. Magnus Bø kjøpte gard og kvote, og etter 15 år med tomt fjøs, er det atter mjølkeleveranse frå bruket på Nord-Kolnes. – Eg trur dette blir bra, seier han.

Liv Kristin Sola

Magnus Bø ser innover det tomme rommet. Berre skalet er att av det gamle fjøset. Låven er riven og overbygget er forsterka. Taket skal malast og plater skal skiftast ut. Sørveggen har fått ny kledning, og resten av bygget står for tur.

Fjøsgolvet er meisla vekk. No er det berre ei stor grop som skal bli ny gjødselkjellar.

– Her blir det lausdrift med ei liggebåsrekke inn mot veggen og fôrbrettet på motsett langside, og spalter over gjødselkjellaren, seier Magnus.

Den enorme haugen av betong, stein og grus utanfor fjøset seier litt om kor mange timar som har gått med til å rive og køyre ut massane frå det gamle fjøset.

Mjølker på bås

Fjøset er bygd i tre tidsepokar. Det eldste frå 1920-talet, den midtre delen frå 50-talet, med treinnreiing og låve med tregolv. Det nyaste er bygd i 1998. Eit elementbygg utan overbygg, men med ein brukbar gjødselkjellar. Med litt oppgradering vart det eit godt brukande mjølkefjøs.

Når lausdrifta er klar i naborommet skal kyrne mjølkast i båsfjøset. Med fangfront kan Magnus enkelt stenge kyrne framme og ha dei tilbake til lausdrifta når dei er ferdig mjølka.

Gardsfakta:

I januar i år kjøpte Magnus Bø gard og kvote av Magnus Hauge på Nord-Kolnes i Sola kommune i Rogaland. Garden er på 120 dekar, kor 40 dekar er beite. Grunnkvota er på 85 tonn. Jord og kvote har vore vekkleigd dei siste 15 åra.

Magnus oppgraderte mjølkeanlegget, fekk på plass mjølketank, kjøpte 15 mjølkekyr, og leverte første mjølka til Tine i slutten av april. Delar av fjøset er under ombygging til lausdrift med plass til 17 kyr. Den eldste delen skal nyttast til kalvar og ungdyr, og båsfjøset skal nyttast til mjølking.

Magnus vaks opp på gard med egg, sau, gras og potet. Han er utdanna maskinførar og har agronomen frå Vinterlandbruks­skulen i Ryfylke. Han arbeider fulltid som handmann hjå Nordbø Maskin.

Ein dobbelbås på kvar side av fôrbrettet skal nyttast til kalvings- og sjukebinge. Då blir det 16 båsar att til mjølking.

– Alt i alt så er fjøset ganske bra. Eg har tru på at dette blir bra, seier han.

Her blir det lausdrift: Tonn på tonn med masse er trilla ut med trillebåre. No er botnen planert og klar til å støypast. Det blir spalter over gjødselkjellaren, med liggebåsar langs veggen til høgre og fôrbrett til venstre. Midt på kortveggen er døra til mjølkefjøset.

Her blir det lausdrift: Tonn på tonn med masse er trilla ut med trillebåre. No er botnen planert og klar til å støypast. Det blir spalter over gjødselkjellaren, med liggebåsar langs veggen til høgre og fôrbrett til venstre. Midt på kortveggen er døra til mjølkefjøset.

Fjøset

Når betongen har sett seg i gjødselkjellaren, skal Magnus støype liggebåsane og fôrbrettet. Støypinga gjer dei sjølve. Lausdrifta skal ha liggebåsar til 17 mjølkekyr, ein kraftfôrstasjon, og romsleg med spalteplass.

– Eg har vore innom fleire fjøs og snakka med ein del bønder. Rådet er å bruke kraftfôrautomat. Eg trur det er ei god investering, seier Magnus.

Den nye gjødselkummen skal koplast på den eksisterande under element­fjøset. Kapasiteten blir på 505 m3, noko som skal halde rikeleg.

Den eldste delen av fjøset skal innreiast til kalvar og ungdyr, med flyterenne over til gjødselkjellaren. Oksekalvane skal seljast til liv – i alle fall foreløpig.

– Akkurat på fôringa vurderer eg fullfôrvogn eller minilastar. Det skal fôrast minst to gonger om dagen, kvar einaste dag, i mange år. Det må vere rasjonelt, utan for mykje ork og styr, seier Magnus.

Tre tidsepokar: Fjøset til høgre er over 100 år. Her skal det innreiast til kalv og kviger. Lausdrifta blir i midten, og elementfjøset skal nyttast til mjølking. Mellom ustikka på låven ligg haugen med masse som er trilla ut or fjøset.

Tre tidsepokar: Fjøset til høgre er over 100 år. Her skal det innreiast til kalv og kviger. Lausdrifta blir i midten, og elementfjøset skal nyttast til mjølking. Mellom ustikka på låven ligg haugen med masse som er trilla ut or fjøset.

Tre tidsepokar: Fjøset til høgre er over 100 år. Her skal det innreiast til kalv og kviger. Lausdrifta blir i midten, og elementfjøset skal nyttast til mjølking. Mellom ustikka på låven ligg haugen med masse som er trilla ut or fjøset.
Tre tidsepokar: Fjøset til høgre er over 100 år. Her skal det innreiast til kalv og kviger. Lausdrifta blir i midten, og elementfjøset skal nyttast til mjølking. Mellom ustikka på låven ligg haugen med masse som er trilla ut or fjøset.

Eit steinkast heimanfrå

Magnus vaks opp på nabogarden, med egg, potet, sau og gras. Han er eldst av seks sysken

– Eg har jo odel heime, men eg trur ikkje dei er klare til å gi frå seg enda, seier han.

Foreldra, Marianne og Kolbjørn Bø, har så vidt passert femti og er i gang med å etablere eit Inn På Tunet-tilbod på garden. Så då naboen lurte på om
Magnus ville kjøpe hans garden, var 28-åringen ikkje i tvil.

– Eg har alltid visste eg ville bli bonde. No kan eg kome i gang, seier han.

Dyra er den største motivasjonen. Som avløysar har Magnus erfaring både med gris, sau og fjørfe, men trivst aller best med kyr og mjølk.

– Å få kjøpe ein gard med kvote trigga meg ekstra. Mjølk er heilt avgjerande for om eg skal klare å leve av eit mindre bruk, seier bonden.

Godt brukande: Mjølkefjøset frå 1998 er oppgradert og er no fullt brukande til produksjon av kvalitetsmjølk.

Godt brukande: Mjølkefjøset frå 1998 er oppgradert og er no fullt brukande til produksjon av kvalitetsmjølk.

Gode kyr

Garden er på 85 dekar dyrka jord og 40 dekar beite. Alt tett på tunet. Taksten vart sett til 7,5 millionar, inkludert kvoten på 85 tonn, som vart taksert per liter.

Med hjelp frå Tine, fekk Magnus kjøpe 15 mjølkekyr frå to besetningar. Mest NRF, og nokre holsteinkryssingar. Ein kostnad på 530 tusen.

– Det er veldig bra kyr med gode stamtavler. Dei har godt lynne og er lette å ha med å gjere, mjølker godt og har god jurhelse, seier ein nøgd bonde.

Han fortel om eit tankcelletal så lågt som 20 tusen, med 4,45 prosent feitt og 3,4 prosent protein.

Så langt er det fødd seks kalvar. Fire til nærmar seg kalving. Planen er jamn kalving heile året.

– Mest for min eigen del. Eg er jo ny på dette, så eg trur det er lettare å ha kontroll på mjølkekvaliteten med jamn kalving, seier Magnus.

Den unge bonden har full jobb i tillegg til gardsdrifta. Arbeidsgivaren er fleksibel, men Magnus har god hjelp av faren. Det blir ofte han som tek morgonøkta i fjøset og held eit auge med kyr som ventar kalv.

Smarte vurderingar

Med mykje eigeninnsats og god hjelp frå familie og kameratar, håpar Magnus at prislappen på ombygginga ikkje overskrid éin million. Det vart aldri søkt om støtte («generasjonsskifte-midlar») frå Innovasjon Norge.

– Eg rakk det ikkje. Lausdrifta må vere klar til slutten av beitesesongen. Då hadde eg ikkje tid til å vente på inno­vasjonsmidlar, seier han.

Eit godt utgangspunkt:<br />
Med hjelp frå Tine, fekk Magnus kjøpt 15 kyr og drektige kviger frå to besetningar. – Gode kyr med god jurhelse, godt lynne og ei god stamtavle. Eit godt utgangspunkt å avle vidare på , seier han.

Eit godt utgangspunkt: Med hjelp frå Tine, fekk Magnus kjøpt 15 kyr og drektige kviger frå to besetningar. – Gode kyr med god jurhelse, godt lynne og ei god stamtavle. Eit godt utgangspunkt å avle vidare på , seier han.

Lausdrifta er planlagt slik at den kan utvidast i breidda slik at fôrbrettet blir midt i fjøset. Magnus var innom tanken om å kjøpe meir kvote, men har foreløpig slått det frå seg. Han vil kome i gang med produksjonen og sjå kva som skjer med kvotane.

– Eg må begynne i rett ende. Sjå jord og kvote i samanheng og tenke gjennom kva som er realistisk å få til, seier han.

For det er to ting han kan påverke; inntekt, men ikkje minst utgifter og investeringar.

– Det er her eg må gjere smarte vurderingar og ikkje drukne meg i gjeld frå starten, seier Magnus.

Liv laga for små bruk

Den unge bonden veit han går mot straumen. Mange mjølkebønder vel å slutte, og diskusjonen om mjølkepris går på sosiale media.

– Ja, eg har jo fått det med meg, men blokkar det litt ut. Folk rundt meg er positive. Dei synest det er kult at eg satsar, seier Magnus.

Han trur fleire begynner å sjå gevinsten med å drive mindre bruk, og skape seg ein god kvardag og ei fornuftig drift basert på det dei har av jord og kvote. Som eit alternativ til å investere 10-15 millionar på nytt bygg for så å jakte kvote og jord.

– Eg ser på dette som eit godt alternativ for min del. Dette er min moglegheit til å kunne leve av garden. At lønsemda må opp for norske mjølkebruk, det stemmer nok. Men at det ikkje skal vere mogleg å satse på landbruk i Norge…

«Det er her eg må gjere smarte vurderingar og ikkje drukne meg i gjeld frå starten.»

Magnus Bø

Magnus stopper opp litt og tenker.

– Så lenge du har lyst er det moglegheiter, men du må kanskje tenke litt annleis. Finne nye måtar å gjere ting på, utan å drukne i gjeld.

– Har du angra?

– Ikkje eitt sekund.

Svarte kjem kontant.

– Alt går! Men du må ha vilje og lyst. Har du det, kan du klare mykje. Men er du ikkje motivert, er det vel betre å gå på jobb, meiner den unge bonden.

Utfordrar seg sjølv

Hovudplanen for prosjektet er godt gjennomtenkt, men undervegs er mykje justert og endra.

– Hadde eg drive i 20 år så hadde eg jo visst meir korleis eg ville ha det. Men eg har spurt mange dyktige folk om kva eg må hugse på. Folk som har halde på lenge, og som kan innreiing. Og så gjer eg mine eigne tankar om korleis eg kan løyse det. Eg får i alle fall brukt nøtta, seier Magnus.

Å få til ei rasjonell drift i dei gamle bygningane, er motiverande i seg sjølv for den ferske bonden. Å få til eit fjøs som er bra både for han sjølv og dyra, utan at det kostar skjorta.

– Men det var stunder då eg stod her og reiv, at eg tenkte det hadde vore veldig greitt med eit nytt fjøs òg, innrømmer Magnus.

Travelt, men fint: Magnus (28) angrar ikkje på at han kjøpte garden. Det er dette han vil. Fritid er det slutt på, men då hjelper det at kameratar stiller opp og hjelper til med riving og ombygging.   

Ein del av noko større

Magnus kvir seg ikkje for å spør om råd, ikkje minst frå bonden han kjøpte garden av. Og han skryt av oppfølginga han har fått frå rådgivarar, blant anna i Tine.

– Det er mange som har meir peiling enn meg, men eg kan jo ikkje spør om alt på ein gong. Eg må få dei svara eg treng etter kvart, seier han.

28-åringen meiner å ha fått samvirketanken inn med morsmjølka.

– Eg trur småskalalandbruket har livets rett. Me treng litt av alt, og me må ha landbruk i heile landet. Her trur eg Tine gjer den beste jobben. Og det vil eg gjerne vere ein del av, seier 28-åringen.

Ser fram til å kome i gang

Kyrne beitar på dagtid, men om natta hender det dei står inne. På fôrbrettet ligg rikeleg med grovfôr. Dyra er mette og det er stilt i fjøset, bortsett frå lyden av drøvtygging.

Magnus står og klør ei ku på halsen. Tre kviger ligg kalvtunge på bås, ei er dagventande, to skal kalve i neste veke.

– Det er utruleg kor godt det har gått å mjølke inn både kyr og kviger, men så har eg jo brukt ein del tid med dyra. Det er sikkert ikkje desse timane som betaler seg best, men det er dei som er kjekkast, seier bonden.

No ser han fram til å få støypt gjødselkjellaren, få spaltene på plass, og gjere ferdig lausdrifta. Då kan all energi brukast på dyra og drifta. Blant anna til å produsere eit godt grovfôr for å redusere kraftfôrforbruket.

– Det har me gjort heime med sauen. Det betyr jo litt for økonomien, seier Magnus.

Bonden er òg interessert i avl, og ser fram til å kunne konsentrere seg om å avle fram ein buskap med robuste dyr og god yting. Truleg blir det NRF òg i fram­tida, men kan hende med litt RedX og noko kjøtfekryssingar.

– Eg får sjå. Eg trur det skal bli veldig bra, seier Magnus.

Sjå og artikkelen “Tine har fått 57 nye hentepunkt”.

Stikkord denne saka: