
Massivtre: Siv-Marit og Marius Rødland har bygd lausdriftsfjøs i massivtre. Dei valde tre av omsyn til miljøet og godt inneklima for folk og dyr.
Bygde i grevens tid
Rett før prisane steig til himmels rakk Siv-Marit og Marius Rødland å signere kontraktar for nytt fjøs. – Det blir eit kvantesprang frå gamalt båsfjøs til moderne lausdrift, seier bonde Siv-Marit Rødland.
Anne Rivenes, frilansjournalist
Det gjekk som planlagt, dyra kom på plass i nytt fjøs før påske. I det siste har det vore hektisk innspurt inne i nybygget. Montøren frå DeLaval installerer mjølkerobot, elektrikaren monterer sikringsskapet slik at dei får straum til bygget, røyrleggjaren koplar vatn til drikkekar og mjølkerobot.
– Alle handverkarane nærmar seg ferdig. Innreiinga har me skrudd på plass sjølve, og no driv me og ryddar, seier Siv- Marit og Marius.
Dei to har gjort mykje sjølve. Mellom anna har Marius jobba i lag med dei to innleigde tømrarane som sette opp bygget i massivtre.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

