BN+

Brørne bak Ollestad kjøtt: Brynjar (til venstre) og Kristian Ollestad har tatt sats, og driv den nye kjøtforedlingsverksemda Ollestad kjøtt på Ualand. Dei vonar dei kan bidra til at bønder kjem i gang med direktesal av eigne kjøtprodukt.


Brynjar og Kristian Ollestad er brørne bak det vesle slakteriet Ollestad kjøtt på Ualand i Rogaland. Dei vonar dei kan bane veg for lokale bønder til å foredle og tene meir på eigne råvarer.


Jane Brit Sande


Kristian og Brynjar Ollestad opna dørene til kjøtforedlingsverksemda Ollestad kjøtt på Ualand i april i år. Sidan har tempoet vore høgt. Kristian har tidlegare arbeida som slaktar og kjøtskjerar. Han hadde tenkt på ideen om eit lokalt slakteri i lang tid, og greidde lokka Brynjar med på ideen. Då Brynjar kjøpte nabogarden til heimegarden i 2017 byrja hjula så smått å rulle. Det er på denne garden at anlegget er plassert, med utsikt til heimegarden som Kristian på sikt skal ta over.


– Det er leigeskjering som er hovudgeskjeften, seier Kristian, eldst av brørne.


Dei lagar også pølser, pålegg og spekemat.


– Bonden treng berre levera dyret til slakt, så gjer me resten. Me gjer alt arbeidet frå skrott til pakkar med kjøtprodukt, seier Brynjar.


I tillegg til å returnere ferdigskåre produkt til bøndene, produserer Ollestad kjøtt også eigne produkt av lokale råvarer frå eigne gardar og frå lokale bønder, som dei sel under eigen merkevare. Med hjelp av ein mentor frå matforskingsinstituttet Nofima, utviklar dei eigne oppskrifter.


– Så langt har me eigne oppskrifter på pølse og morrpølse. Me håpar me snart kan prøve oss på saueprodukt saman med mentor, og vere med på å bane ein veg for bonden som leverer råvarene til dette inn i marknaden, seier Kristian.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: