BN+

Nytt liv: Her er Sindre Tjøstheim og Rannveig Obrestad framom det nye huset på garden. Dei har rive det gamle huset som stod på same plass. Familien ser fram til betre tumleplass for barna Vemund og Thea.


Ho er frå gard på Jæren, medan han er oppvaksen i byggefelt. No bles Rannveig Obrestad og Sindre Tjøstheim nytt liv i falleferdige bygningar i Ilsvåg. Det er litt av ein jobb.


Jofrid Åsland, frilansjournalist


I Ilsvåg har familiar levd liva sine sidan 1700-talet, men det er mange år sidan garden var i aktiv drift. I bratte bakkar med høve til jakt, jordbruk og skogbruk – og med fisk i havet, gav naturen grunnlag for at menneska kunne slå seg ned akkurat her.


– Eg var 14 år då eg bestemde meg for at eg ville overta denne garden, minnest Rannveig.


Det var søskenbarnet til mora som eigde garden på den tida. Minna frå somrar i Ilsvåg er mange. Mora tok ofte med seg Rannveig og søskena på besøk til slekta i bygda, som ligg i Vindafjord kommune. Det skulle gå mange år før draumen om å overta garden blei verkeleg.


– Eg har alltid hatt lyst på gard, men eg ville ikkje ha ein storgard, seier Rannveig.


Ho er oppvaksen på eit stort mjølkebruk på Voll i Klepp kommune, og livsstilen der freista ikkje.


– Draumen var eit idyllisk liv med dyr og natur.

Adopterte draumen

Då Rannveig og Sindre blei kjærastar var det ikkje sjølvsagt at han skulle heie fram framtidsplanane hennar om livet på landet.


– Han var med på besøk til garden her på Ilsvåg, og eg fortalde at eg alltid hadde hatt lyst til å fikse opp staden. Eg hugsar han sa: Dette ser jo kjekt ut.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.