BN+

For folk og fe: Langhuset sitt kjenneteikn er at det er husdyrrom i den eine enden, og buareal i den andre. Skyvedører i langsida gjer fôringsjobben enkel for Knut Olaf. Det er gjeldkyr og ungdyr som står i fjøset her.

Feriehus for folk og fe



I Langhuset på Lista får folk feriera vegg i vegg med både kyr og fuglar.


Jane Brit Sande


Mjølkebonde Knut Olaf Reiersen har gitt tradisjonsarkitektur eit løft. Langhuset på Lista husar både ferierande folk og beitande fe.


– I den eine enden er det to ferieleilegheiter med seks og tolv sengeplassar. I den andre enden er fjøs for ungdyr og gjeldkyr med 16 liggeplassar og direkte tilgang til beiteområda omtrent heile året, seier Knut Olaf.

Gammal seter

Knut Olaf har drive garden sidan 1992. Mjølkeproduksjonen på 177 tonn, inkludert leigekvote, er fortsatt hovudgeskjeften på garden. Tidlegare hadde Knut Olaf ei gammal driftsbygning der Langhuset no står.


– Eg nytta fjøset som ei seter, 500 meter heimanfrå. Eg har lite beite rundt garden, så dette har alltid vore eit viktig supplement i beitesesongen. Dei siste åra hadde eg utedrift, og mjølka inne i fjøset, seier han.


Han veit ikkje kor gammalt fjøset var, men minnest at bestefaren også brukte bygningen. Då det verkeleg byrja bli dags for å oppgradera seterfjøset, var Knut Olaf godt i gang med å gruble på fleire idear før han landa på Langhuset. Skulle han bygge eit tradisjonelt fjøsbygg, med ferieleilegheiter på låven?

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: