BN+

Kraftige maskiner: Traktor og andre maskiner er involvert i ein stor del av landbruksulukkene. Å bli klemstra av dyr, treft av fallande gjenstandar eller sjølv falle frå stige eller bygg viser også att på ulukkesstatistikken. Foto: Sjur Håland

For mange bønder jobbar uten marginar

Det hender ikkje meg. Det har gått bra før. Har dårleg tid. Skal berre … men så skjer det. Kvart år er det folk som mister livet eller blir alvorleg skadd i arbeid på garden.


Anne Rivenes, frilansjournalist


«Bonde er noe av det farligste man kan være», konkluderer Ruralis-rapporten «Ikke en bonde å miste» frå 2016. Og det har ikkje blitt betre sidan.


– Ulukkestala held seg urovekkjande høge, seier Kolbjørn Taklo, HMS-rådgjevar i NLR Vest.


I 25 år har han arbeidd med helse, miljø og tryggleik i landbruket, og problemstillingane er dei same. Bønder blir skadd i arbeid med traktor og maskiner, dei kjem i klem eller får falleller støytskader i brutale møte med dyr eller på eiga hand, viser statistikken. Dei klemstrar, kuttar og brenn seg, får støyt og slag, eller gassforgifting. Nokre døyr, mange blir alvorleg skadd og fleire slepp unna med mindre skader. Dei fleste har opplevd nesten-ulukker. Sigla med traktor, eller nær blitt kvesta av ei kyr.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka:
Del denne artikkelen