Bonde i grisebinge. Flere gris ligger og slapper av.

Gris: Medan to fødeavdelingar blir bygde, har Jarle alt fått inn slaktegris på garden. Eine fødeavdelinga skal vera klar til å ta i mot dei første purkene frå Nes Purkering tidleg i februar.

Globetrottar blir grisebonde

20. desember 2020 | Reportasjar

Jarle Ersland og familien hans har flytt frå Gili-øyane i Indonesia til Fjellheim i Skjold. No bygger Jarle grisebingar på eigen gard i staden for ferieanlegg til turistar.

Sjur Håland

Det herskar eit kontrollert kaos i tunet hjå familien Ersland. Betongentreprenøren er til stades med tre store bilar i tunet. Eit par menn lempar armeringsmatter som dei ber inn i løa kor ei ny fødeavdeling er under bygging. Bankeog sagelydar frå fjøset og løa vitnar om hektisk aktivitet. Jarle vrenger av seg ein godt betongnedstøva kjeledress og inviterer Bondevennen og Nortura sin rådgivar, Laura Lundgaard Jensen, inn på kjøkkenet.

Flyttesjau

Også her er vitnesbyrda om ei ekstra travel førjulstid tydelege. Familien har sidan femte november vore i ferd med å flytte inn på garden. Men Jarle veit kor kaffitraktaren er å finna, og snart står krus med rykande varmt innhald på bordet. Han utdanna seg til tømrar og hadde spikarbeltet på seg i femten år før han flytte med familien til Indonesia, kor dei budde i fire år. Her bygde dei opp eit ferieanlegg. som dei framleis eig og driv.

Om garden:

Heidi Byrkja Grunnaleite og Jarle Ersland har nyleg kjøpt gard på Fjellheim i Skjold i Vindafjord kommune. Her skal dei driva med gris med kombinert besetning tilknytt Nes Purkering. Heidi har full jobb utanom garden. Dei to har barna Hedda (14), Ailo (11) og Luka (8).

Til garden høyrer 190 dekar kor 150 dekar er dyrka. Kring 35 dekar er beite. Slaktegrisehuset er alt fylt opp med dyr. Dei første puljane med purker kjem i februar og mars neste år. 

– Så flytte me heim att for to år sidan. Då var eg klar for noko nytt, og oppdaga at denne garden var til sals, fortel han.

Med eit bod på sju millionar kroner, fekk familien Ersland tilslag på garden. På bruket har det tidlegare vore både gris- og mjølkeproduksjon, men det følgjer ikkje med mjølkekvote.

– Så nå blir det gris, seier Jarle.

Nytt og spanande

Kroppsspråket til bonden avslørar iver og entusiasme overfor den nye kvardagen.

– Heilt framand med landbruk er eg ikkje. Eg har vore avløysar i ungdommen, og har fleire kompisar som er bønder. Men dette er likevel nytt og spanande og langt frå ein vanleg jobb, nett som eg likar det, seier 41-åringen.

Å starte som ny og urøynd bonde i Vindafjord er ikkje plent så komplisert for den som verkeleg vil, meiner Jarle.

– I tillegg til nettverket av naboar og vener, har eg fått rådgiving og eineståande oppfølging frå Felleskjøpet, Nortura, rekneskapsbyrået og banken, seier han.

Bondeyrket er allsidig.

– Eg får vera tømrar, murar og røyrleggar. Ulike utfordringar får eg i stort monn her på garden. Det genererer trivsel for meg, seier han.

Rådgiver (til venstre), samen med grisebonden.

Spør om råd: Nortura-rådgivar Laura Lundgaard Jensen har vore sentral rådgivar for Jarle alt frå planleggingsstadiet. Ho held fram at Jarle er flink til å søkja råd og at han dermed får gjort dei rette tinga til rett tid.

Flink å spørja

Jarle har ikkje behov for å vera verdsmeister og ekspert frå dag éin.

– Men han er flink til å spørja. Han søker informasjon og kunnskap der slikt er å finna. Det er eit svært positivt utgangspunkt. Å få gjort ting rett alt frå starten, er ein føresetnad for at dette skal gå bra, seier Nortura-rådgivar Laura Lundgaard Jensen, som er utdanna veterinær frå Danmark.

Ho har på kort tid rokke å bli vel kjent med både garden og bonden.

– Det treng ikkje vera ei ulempe at Jarle ikkje har praktisk erfaring med gris frå før så lenge han er så positiv og heile tida tar til seg ny kunnskap. Dette prosjektet og denne bonden har eg tru på, seier ho.

Elskar dyr

Jarle er ikkje åleine på bruket. Sambuaren, Heidi Byrkja Grunnaleite, har full jobb som sosionom utanom garden. Dei har barna Hedda (14), Ailo (11) og Luka (8). Når Bondevennen er på besøk er barna på skulen og Heidi på jobb. På trappa sit eit par kattar og nyt desembersola.

– Ein av fellesnemnarane til familien vår er at me elskar dyr, seier Jarle.

No får dei rikeleg med plass til både dyrehald og anna. Arealet tilhøyrande garden er 190 dekar. 150 dekar er dyrka.

– I første omgang er det ein nabo som brukar jorda, medan eg har spreiearealet, forklarer bonden.

Maskinar og utstyr er det mindre av. Jarle får låna det han treng av eine naboen.

– Dermed kan eg halda kostnadane nede, konsentrera meg om dyra og få fart på produksjonen før eg treng tenka på å investere i maskinar og eventuelt drive jorda, seier han.

Låve blir bygd om til fødeavdeling for gris.

Føden: Det er hektisk byggeaktivitet på garden. Her er det fødeavdelinga på låven som begynner å ta form. Til saman får bruket 700 kvadratmeter produksjonsareal når ombygginga og renoveringa er ferdig.

To fødeavdelingar

Alt no er det slaktegriser på plass i den delen av driftsbygningen som ikkje er under ombygging. Totalt produksjonsareal er 700 kvadratmeter.

– Dette er skøy. Grisene er sosiale vesen. Trivselen deira smittar over på meg. Så er eg så heldig at dersom eg lurer på noko, ringer eg til Laura og får svar, seier den ferske bonden.

Ombygginga inkluderer to fødeavdelingar med 19 fødebingar i kvar på til saman 400 kvadratmeter.

– Jarle tok kontakt i god tid og sa at han ville byrja med gris. Dermed har me hatt nok tid til å planleggja heile løpet. Det gav også moglegheit for Jarle til å bli ein satellitt i Nes purkering, seier Laura.

Purkeringen har tradisjonar for kvalitet, med tre av satellittane blant topp ti-besetningane i Norge. Det er ikkje ei ulempe for den nye produsenten.

Smågrisliv i fødebingen

Planen er å levera 1.400 slaktegriser frå 16-18 purker i kvar av dei to puljane med grising kvar åttande veke. Grisungane skal vera i fødebingane frå fødsel til 30 kilo.

– Dermed slepp Jarle å flytta grisungane meir enn ein gong. Medan purkene blir tekne i frå etter fem veker og frakta til navet for inseminering, blir ungane verande i bingen til dei er 30 kilo. Lettvint for Jarle, og mindre sårbart for smågrisene, forklarer Laura.

– For meg er dette perfekt. Eg får ta i mot smågrisene og får stella dei like fram til slakt. Eg får også moglegheit til å selja smågris direkte frå fødeavdelingane dersom det skulle bli aktuelt seinare, seier Jarle.

Godt nettverk

Det er Felleskjøpet som i samarbeid med bonden har teikna og planlagd dei ulike avdelingane og løysingane. Jarle skryt av nettverket.

– Eg har kome inn i ei næring der alle hjelper alle. Når eg så i tillegg har ein kompis som er medlem i Nes Purkering frå før, er eg aldri i beit for å spørja nokon om hjelp og råd, seier han.

Nett no er økonomien god i svinenæringa, seier Laura.

– Utsiktene for neste år er også positive. Mindre grensehandel har auka etterspurnaden etter norsk kjøt. Nå ser det ut til at me skal få nokre gode år. Det trengst både for dei etablerte og når unge folk satsar, som her, seier ho.

Formidlar det grunnleggjande

– Kva har vore viktig for deg å formidla til Jarle, Laura?

– Mi oppgåve har vore å formidla det heilt grunnleggjande. Som korleis ein gris som har det bra oppfører seg, og korleis ein ser at den ikkje har det bra. At du ser at noko er galt er langt viktigare enn å stilla nøyaktig diagnose. Om Jarle er i tvil, ringer han meg, så svingar eg innom. Jarle og eg er einige om at det viktigaste er å få ein god produksjon, med god dyrevelferd som det grunnleggjande.

Laura har 20 års erfaring som rådgivar og veterinær i svinenæringa. Ho og Jarle har alt hatt mange timar med planlegging, diskusjonar og kunnskapsformidling. Dei har skissert ulike planløysingar og utarbeidd dekningsbidragskalkylar.

– Dei gongene me hatt behov for endringar eller fleire alternativ, har Felleskjøpet sine folk snudd seg rundt med det same. Eit utruleg godt samarbeid, seier Laura.

Bilde av gården. Fra venstre: garasje, bolig, fjøs.

Garden: Bruket til Jarle Ersland og familien er kjøpt på den opne marknaden. Til saman høyrer det med 190 dekar jord, kor 150 dekar er dyrka. Siloane i enden av driftsbygningen får kanskje eit nytt liv som smågrisrom med tid og stunder.

Dyrevelferd på topp

Å skilja det normale og det som ikkje er normalt i dyreflokken, er viktigaste eigenskapane ein ny svineprodusent må ha, meiner ho.

– Det meistrer Jarle på ein flott måte. Han har auge for dyra. Då går det bra, seier ho.

Dyrevelferd er eit nøkkelord også for Jarle.

– Den skal vera på topp heile tida. Eg er innstilt på å læra, difor er det viktig for meg å ha folk å ringa når eg lurer på noko, eller om noko uføresett skjer.

– Du er 41 år. Har du vore i tvil om det var rett å kjøpa gard og bygga gjeld?

– Nei, me kan ikkje tenka slik. Det handlar om å gjera dei tinga ein har lyst til. Dette var det eg hadde lyst til å gjera. Så har eg ungar som ivrar like mykje som meg for garden og dyra. Aller viktigast er at eg har ein fantastisk positiv sambuar med på laget.

Startar med grisen

Nå skal familien koma i orden i huset. Byggesjauen i driftsbygningen kjem til å vera intens nokre veker til. Første fødeavdelinga skal stå fiks ferdig til andre februar, då den første puljen med purker kjem tuslande inn i bingane. To veker seinare blir det grising, og i løpet av mars månad skal andre fødeavdelinga vera klar til andre purkepuljen.

– Korleis er det på garden dykkar om ti år?

– Me har nett kjøpt garden, veit du. Nå får me byrja med grisene og sjå korleis det endar.

Stikkord denne saka: