BN+

Eit eventyr: Kari Sigrun Lysne har testa 12 ulike aprikossortar for å finne den rette. – Trea oppfører seg annleis her enn andre stader i Europa, slår ho fast.

Ingenting er umogleg før det er prøvd



– Me har ein avtale med Vårherre. Om han syter for sol og varme, skal me ordne med vatn, seier Kari Sigrun Lysne, fruktbonde i Lærdal i Indre Sogn.


Liv Kristin Sola


Lærdal er velsigna med eit mildt og tørt klima og god jord. Vatning kontrollerer dei med vatn frå Lærdalselvi, som Vårherre har sytt for å legge gjennom heile bygda.


– Me bur i ei gryte med høge fjell og lite regn og gode veksttilhøve, seier Kari Sigrun Lysne.


Ho driv kommersielt med morellar, aprikos og bringebær. I tillegg har ho litt av det meste som veks på tre av frukt og bær. Denne dagen i midten av august er ho i innspurten av ei hektisk innhausting.

Eit raudoransje eventyr

Kari Sigrun er velsigna med arbeidsglede og pågangsmot. Prøve, feile og lære – og så gå vidare. Morellar og aprikos, det neste blir fersken. Hundre tre er allereie innkjøpt.


– Det er moro å sjå kva me kan få til, seier ho.


Å ligge i forkant og ta sjansar kostar pengar og krev tålmod. Då er det spesielt godt å lukkast, slik dei har gjort med aprikos. På bare bein fer bonden mellom frukttrea. Plukkar med seg ei aprikos, vrir frukta mellom nevane for å få ut steinen - og smakar.


– Sjå her, smak, freistar bonden, og byr på ei raudoransje saftig smaksoppleving, før ho fer vidare for å gje dagens instruksar til arbeidsfolket.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: