
Søker utfordringar: Harald Blaaflat Mundal og Kari Sigrun Lysne er alltid klar for nye utfordringar. Om «ingen» har trua, kjennest det spesielt godt å lukkast, slik som med aprikos. No er fersken truleg neste utfordring.
Kva er det med Lærdal?
God jord, godt klima, rause produsentar og samvirke er alle nøkkelfaktorar som forklarar kvifor det bognar av frukt, bær og grønt i Lærdal.
Liv Kristin Sola
Årets frukt- og bærsesong er over. Etter mange år med testing har bønder i Lærdal endeleg fått fram aprikos for kommersielt sal. Det i eit år kor morellsesongen har vore krevjande.
– Alt i alt ein grei sesong. Potet og grønsaker har vore bra. Me skulle gjerne hatt litt meir morellar og bringebær, men jordbær, plomme og eple har hatt ein god sesong - og endeleg har me lukkast med aprikos, summerer Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar av Lærdal Grønt.
Bøndene i Lærdal har lukkast med morellar. I ein god sesong kan dei levere kring 250 tonn. Det er halvparten av det norske volumet. På grunn av ein kald vår vart det i år berre 139 tonn.
Sterke gjennom samvirke
Det lokale samvirket, Lærdal Grønt, får mykje av æra for at lærdalsbøndene lukkast. Alle dei 43 frukt- og grøntprodusentane i Lærdal er knytt til det lokale samvirket.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Sjå korleis du bytar passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.